Koronavirus covid-19

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Har du spørsmål om koronavirus?  Du finn mykje nyttig informasjon på fhi.no. Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar 09.00 - 14.00. 
Nasjonal informasjonstelefon 815 55 015 er open kvardagar 08.00 - 15.30.

 

Ferdigattest

Alle søknadspliktige tiltak skal avsluttast med ferdigattest før du kan ta i bruk det du har bygd. Ferdigattesten viser at saka er ferdigbehandla av kommunen.

 

 

Løa i Jakob Sande-tunet  - Klikk for stort bileteAttesten blir gitt på bakgrunn av innsendt dokumentasjon om at arbeidet er ferdigstilt. Dersom det er sendt inn ein søknad via ein ansvarleg søkjar er det ansvarleg søkjar som skal søkje om ferdigattest.

Midlertidig bruksløyve

Så lenge det kun gjenstår mindre arbeid og det ikkje er farleg å ta i bruk bygningen, kan du også søkje om midlertidig bruksløyve. I løyve skal det gå fram kva arbeid som gjenstår og du får ein frist for å ferdigstille. Eit midlertidig bruksløyve gjer at bygningen kan takast i bruk før du har mottatt ferdigattest.