Vatn og avlaup

Du må søkje om tilkopling til offentleg vatn- og avlaupsanlegg. Dette gjeld både ved oppføring av nybygg og når eksisterande bygningar skal koplast til.

Sluk - Klikk for stort bilete Korleis søkje?

Du må søkje på eige skjema.

Gebyr

  • Tilkoplingsgebyr (PDF, 196 kB) for vatn og kloakk er eit eingongsgebyr som må betalast i samband med at du knyter eigedommen din til det kommunale vass- og kloakknettet, eller at du får pålegg om slik tilkopling.

 

  • Årsgebyr (PDF, 196 kB) for vatn og kloakk er eit årleg gebyr som du må betale til Fjaler kommune dersom eigedommen din er knytt til det kommunale vass- og kloakknettet.

 

Kommunen reknar årsgebyr for vatn og kloakk frå den datoen du har fått ferdigattest/bruksløyve (nybygg) eller faktisk tilkoplingsdato (eksisterande bygg) på bygget.

 

Vassmålar

Du må sjølv ordne med kjøp og innstallasjon av vassmålar. Innstallasjon må gjerast av kvalifisert personell ( ta kontakt med rørleggarfirma). Innstallasjon av vassmålaren må godkjennast av kommunen, og du må søkje på eige skjema.  Dette må sendast inn før du får godkjent avrekning mot vassmålar.

Avlesing

Avlesing av vassmålaren skal gjerast ein gong kvart år og meldast inn på eit eige skjema og sendast til kommunen.

Publisert av Elin Ulvik Ullebø. Ansvarleg Edvin Bøthun. Sist endra 08.11.2015 av Elin Ullebø Ulvik
 
 
Login for redigering