Varslingssystemet "Varsling 24"

Fjaler kommune har tatt i bruk varslingssystemet «Varsling 24» for å kunne nå innbyggjarane raskt med viktige meldingar. Varslinga skjer ved utsending av tekstmelding (SMS) til mobiltelefon. Varslingssystemet vil bli brukt ved vasslekkasje, ved feil på avlaupsnett, ved planlagt arbeid på vassleidning, ved feil på leveransar/ kokevarsel, vegmeldingar og andre situasjonar som krev rask informasjon.

Varsling 24 logo - Klikk for stort bilete Oppslag i 1881

Varslingssystemet er integrert med eit kartsystem som gjer at kommunen raskt kan varsle alle som bur i eit geografisk område. Systemet gjer oppslag i nummeropplysninga 1881 i tillegg til kommunen sitt eigedomsregister (matrikkel).

Viktig

For å kunne nå alle som bur fast eller midlertidig i Fjaler kommune, oppmodar vi alle til å gå inn på nettstaden www.varslemeg.no og sjekke at adressa og telefonnummer er rett oppført slik at du blir varsla. På varslemeg.no kan du:

  • Registrere telefonnummeret ditt for å bli varsla. Er ikkje telefonnummeret ditt oppført i 1881, må du legge det inn for å bli varsla. Klikk på «Tilleggsoppføring» og vel «Legg til ditt telefonnummer».
  • Du kan også sjekke om du er blitt varsla under «Har jeg blitt varslet?».

 

Ofte stilte spørsmål

Korleis verkar varslinga?

Meldinga blir sendt som tekstmelding (SMS) til mobiltelefon.

Ikkje fått varsling?

Du kan på varslemeg.no søke i varslingsregisteret for å sjekke om du er blitt varsla.
Om du ikkje har fått varsling kan du endre oppføringa i Opplysningen 1881 eller registrere telefonnummeret ditt i tilleggsregisteret.

Eg har hemmeleg nummer. Blir eg varsla?

Varsling 24 varslar ikkje hemmelege nummer. Om du ynskjer å få varsel frå din kommune, gjer du ei tilleggsoppføring på varslemeg.no. Kryss av for "hemmeleg nummer".

Korleis får eg varsel for andre adresser enn mi bustadadresse?

På varslemeg.no kan du legge inn tilleggsadresser som du ynskjer varsel for. Dette kan gjelde barn i studentbustad,  foreldra dine sin bustad eller ein fritidseigedom. Under ”Tilleggsoppføring” klikk ”Legg til ditt telefonnummer”. Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk ”send”. Du mottar ein kode på sms, som du brukar for å logge deg inn. Her kan du legge til andre adresser du vil bli varsla for. Namn = den som bur på adressa du registrerar.

Kan eg få varsel?

Det kan være fleire årsaker til at ditt telefonnummer ikkje er oppført i Opplysningen 1881. Du kan sjølv registrere telefonnummeret ditt. Gjer fylgjande:

  • Under ”Tilleggsoppføring” klikk ”Legg til ditt telefonnummer”.
  • Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk ”send”.
  • Du mottar en kode på sms, som du brukar for å  logge deg inn.
  • Her kan du legge til andre adresser du vil bli varsla for. Namn = den som bur på adressa du registrerer.

Har eg lov til å endre adressa som er registrert på dette abonnementet?

Du kan trygt legge inn di bustadadresse. Registreringa gjeld ikkje kven som er juridisk eigar av abonnementet eller fakturaadresse.

Eg bur i burettslag/blokk/sameige. Blir alle på mi adresse varsla?

Alle i eit burettslag eller sameige blir varsla.

Korleis finn eg ut om foreldra mine si adresse er i ein kommune som bruker Varsling 24?

Ta kontakt med den respektive kommune for å høyre om dei brukar Varsling 24.

Korleis kan eg sjå kva adresse eg får varsel for?

varslemeg.no kan du sjekke alle varslingsadresser som er oppført på ditt mobilnummer. Gjer fylgjande:

  • Under ”Tilleggsoppføring” klikker du ”Legg til ditt telefonnummer”.
  • Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk ”send”.
  • Du mottar en kode på sms, som du bruker for logge deg inn. Her ser du lista over adresser registrert på ditt mobilnummer.
  • Her kan du også slette adresser eller legge til fleire
Publisert av Elin Ullebø Ulvik. Ansvarleg Øivind Helle. Sist endra 27.11.2015 13:35 av Lundgård, Martin
 
 
Login for redigering