Abonnement på brøyting av private vegar/gards- og grendevegar

Fjaler kommune har etablert tilbod om kommunal brøyting av private vegar/gards- og grendevegar. Bestillingsskjema og informasjon finn du i artikkelen nedanfor.

Alle innmelde kontaktpersonar har fått tilbodet tilsendt. Andre som treng det, kan få det ved å kontakte Fjaler kommune, tlf 57738000. 

Frist for skriftleg tinging av brøyteabonnement: 20.09.2016

I Norddalen på ski - Klikk for stort bilete

Der det ikkje er valt kontaktperson for vegen, er denne informasjonen sendt til ein tilfeldig utvalgt oppsitjar langs ein privat veg.

Etter vedtak i kommunestyret 16.03.15 og nytt vedtak 068/16 kan eigarar av private vegar tinge brøyting av kommunen.

Den private vegen må vere minst 100 meter lang og vere i så god stand at han kan brøytast utan fare for skade på utstyr og brøytar.

Før brøytinga tek til vil kommunen/brøytaren kontrollere at vegen har god nok standard.  ( Bereevne, gruslag, breidde, snølager/grøfter, skog langs veg, snuplass.) Dersom vegen ikkje kan brøytast slik den er, vil eigaren får tilbakemelding snarast.

 

Ved større snøfall vert brøyting av kommunal veg/plassar og tilkomst til personar med utrykningsberedskap prioritert før brøyting av dei private vegane. Teikning av abonnement, og snøstikkesetjing er ein føresetnad for å få brøyting.

 

Dersom det er fleire brukarar av ein veg, lyt dei gå saman om abonnementet, og stille med ein representant/kontaktperson  overfor kommunen. Der det er vanskeleg for interessentane å bli samde om korleis plikt til vedlikehald skal fordelast, kan desse spørsmåla  avgjerast ved skjønn etter veglova §54 ( Ytre Sogn og Sunnfjord Jordskifterett.)

Bestillingsskjema for brøyting ligg nedanfor.

 

Pris for sesongen 2016/17

 

Veglengde:   100 - 250 m:                Kr:       5000,- inkl. mva.

                        251 - 500 m:               Kr:       6000,- inkl. mva.

                        501 m og over            Kr:       8000,- inkl. mva.

 

 

Påmeldinga skal sendast til:          

Fjaler Kommune                                                         

Pb 54

6961 Dale

eller elektronisk til    post@fjaler.kommune.no

 

Frist for påmelding:                         20. september 2016

 

Dersom noko er uklart,ta kontakt med kommunen, ved Øivind Helle, på telefon 57738048 eller E post: oivind.helle@fjaler.kommune.no

 

Skjema for tinging:

Brøyteabonnement 2016-17 (PDF, 5 kB)

 

 

Publisert av Kårhild Hustveit. Ansvarleg Øivind Helle. Sist endra 01.09.2016 av Elin Ullebø Ulvik
 
 
Login for redigering