Seksjonering av bygningar

Seksjonering av bygning kan nyttast for fleirbustadbygg eller bygg med mange næringsdelar.

Fjaler Bakeri - Klikk for stort bilete Kva kan seksjonerast?

Seksjonering skal omfatte berre ein eigedom (eit bruksnummer). Dersom eit bygg er bygd over fleire eigedomsparsellar er det viktig å få samanføyd desse før seksjonering. Alle bygg med fleire bueiningar eller fleire næringseiningar kan i prinsippet seksjonerast. Seksjonering er likevel mest nyttig der kor eigedommen ikkje kan delast for å danne eigne eigedommar til kvar bygningsdel. 

 

Korleis gå fram?

Heimelshavar for eigedommen, utbyggar eller representant for denne kan sette fram begjæring om seksjonering for ein eigedom. Skjema kan hentast på teknisk kontor.

Publisert av Kårhild Hustveit. Ansvarleg Edvin Bøthun. Sist endra 25.02.2015 av Elin Ullebø Ulvik
 
 
Login for redigering