Grensejustering

Grensejustering vil seie å overføre mindre areal mellom to eller fleire eigedomar som har felles grense.

Hes på Hovland - Klikk for stort bilete

Grensejustering skal i hovudsak nyttast for å få meir hensiktsmessige grenser mellom naboeigedomar. Det er berre mindre areal som kan justerast. Det må gjennomførast oppmålingsforretning.

 

Vilkår

Partane må vere einige om justeringa.

  • Arealet for dei involverte eigedomane kan kun justerast med inntil 5 % av den minste eigedomen sitt areal
  • Maksimalt areal for grensejustering er sett til 500 m2
  • Ein eigedom kan ikkje avgje areal som i sum (makebyte/fleire justeringar) overstig 20 % av arealet eigedomen hadde før justeringa
  • Verdien på eigedomen kan ikkje reduserast med meir enn folketrygda sitt grunnbeløp på 1G

Dersom areala er større enn dette må det søkast om arealoverføring eller frådeling av tilleggsareal.

Kva må sendast til kommunen?

  • Skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretning, kryssa av for grensejustering og signert av heimelshavarar for begge eigedomane.
  • Situasjonskart i målestokk 1:500 eller 1:1000 som syner kva areal som skal overførast.
  • Eventuell verdivurdering for dei involverte eigedommane
Publisert av Elin Ullebø Ulvik. Ansvarleg Edvin Bøthun. Sist endra 25.02.2015 av Elin Ullebø Ulvik
 
 
Login for redigering