Deling av grunneigedom

Ved deling av grunneigedom vert ein del av eigedomen frådelt slik at denne delen vert ei eiga sjølvstendig eining med tildelt gards- og bruksnummer.

Ynskjer du å dele eigedomen din eller skilje ut ei tomt, må det søkjast om løyve til dette. Det er grunneigar/ heimelshavar som må søkje kommunen om løyve.

Ved Karlsfjøra i Flekke - Klikk for stort bilete Fylgjande må sendast til kommunen

          Finn nabovarslingsblankettar

  • Situasjonskart i målestokk 1:1000 som viser plassering av den omsøkte tomta.
  • Avkøyrsleløyve frå Statens vegvesen dersom tomta skal ha avkøyrsle frå fylkesveg/ riksveg.
  • Eventuelle nabomerknader med kommentarar frå søkjar.
  • Eventuell søknad om dispensasjon. Ved søknad om deling av tomt som ikkje er i samsvar med arealplan, må det søkjast dispensasjon. NB Ved nabovarsling må det merkast at søknaden også treng dispensasjon. Dispensasjonssøknaden skriv du i eit vanleg brev.

I tillegg må søknaden innehalde

  • Dersom det er behov for vegrett, må vegen teiknast inn på situasjonskartet.
  • Dersom eigedomen treng ny avkøyrsel frå offentleg veg, må denne markerast på situasjonskartet.
  • Avtale om retten til tilkopling til private vass- og avlaupsleidningar må leggast ved dersom det er aktuelt.

Det må vere gjeve løyve til frådeling før det vert halde kart- og delingsforretning (oppmåling) over den nye eigedomen. Det er kommunen som er ansvarleg for gjennomføring av kart- og delingsforretning.

 

Landbruksforvaltninga i Askvoll og Fjaler må og handsame saka etter jordlova. Kontakt landbruksforvaltninga for meir informasjon eller sjå tenester under landbruk Askvoll kommune.