Brannvern

Kommunestyret har vedteke eiga brannordning for kommunen. Brannvernet har ein førebygggjande del som er feiing og tilsyn. I tillegg kjem brannberedskap og vaktordning.

Brannbil - Klikk for stort bilete

Brannvesenet

Brannstasjonen er i Dale, i Trolleskaret. Fjaler brannvesen har 18 deltidsansatte. Brannvesenet er tilknytt alarmsentralen i Sogn og Fjordane som ligg i Florø.

Ring 110 ved brann.

 

Tilsyn bustad

Feiaren gjennomfører tradisjonell feiing av skorsteinar og tilsyn med fyringsanlegg for oppvarming av rom og bygningar.  Det brannførebyggjande arbeidet vert prioritert høgt. Tilsyn med bustadar er ei lovpålagt oppgåve for det lokale brannvernet.

 

Feiing

Bustadhus med skorstein vert feia/kontrollert etter behov. Feiefrekvensen vert fastsett ut i frå erfaringar frå tidlegare feiingar og fyringsmønster. Feiing og tilsyn skal utførast minst kvart 4. år.

Varsel om feiing og tilsyn

Du vil få melding om feiing og tilsyn eit par dagar før.  

 

Bålbrenning

I tida 15.april til 15.september er det forbode å gjere opp eld nær skog og mark utan løyve. Melding om brenning av bål skal godkjennast av brannsjef/varabrannsjef eller vakthavande befal som igjen gjev melding til alarmsentralen i Florø. 

Melding om planlagt bålbrenning skal gjevast til kommunen i kontortida.

Kart
Trolleskaret

Brannstasjonen ligg i Dale, i Trolleskaret

Publisert av Elin Ulvik Ullebø. Ansvarleg Edvin Bøthun. Sist endra 25.02.2015 av Elin Ullebø Ulvik
 
 
Login for redigering