Renovasjon og slamtømming

Renovasjon og slamtømming vert utført av Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM). Alle bustad- og fritidseigedommar i Fjaler kommune er omfatta av tvungen renovasjonsordning, og du må betale gebyr (PDF, 196 kB) for denne tenesta.

Avfallet frå hushaldninga vert henta ein gong pr. veke for restavfall og kvar 4. veke for papiravfall.

 

Renovasjonsrutekalendaren (PDF, 424 kB)

Gjenvinningsstasjonen i Kjørlevika - Klikk for stort bilete Ny app med tømmekalendar

Sunnfjord Miljøverk IKS  har utvikla ein app som varslar deg på telefonen din når bossdunken skal settast fram.

 

 

Gjenvinnigsstasjon

Gjenvinningsstasjonen i Fjaler finn du no i Kjørlevika (ved Solheimskrysset i Flekke).

 

Opningstid

Stasjonen er open kvar tysdag mellom kl 12.00 og 18.00.

 

Hyttecontainer

Det er plassert ut hyttecontainer som skal nyttast av dei som betalar renovasjonsgebyr for fritidshus. Desse står utplassert slik:

  • Dale, ved kommunen sin driftssentral i Trolleskaret
  • Hellevik
  • Guddal, v/  tidl. nærbutikk
  • Tysse bru (Leite)
  • Våge skule, v/ parkeringsplass
  • Korssund
  • Folkestad (Nesje)
  • Steinset (Guddal)
  • Tømmerbakke (Vassdalen)
  • Flekke, ved gjenvinningsstasjonen

 

Returpunkt

Glas kan leverast til glasigloar som er sett ut ved kommunen sin driftsentral i Dale, Våge skule, Hellevik, Flekke og ved Guddal nærbutikk.  

 

Utlevering av bossdunkar

Ta kontakt med teknisk kontor dersom du ønskjer utlevering av bossdunkar. Det er krav om at ferdigattest/bruksløyve skal føreligge før det vert utlevert bossdunkar.     
 

Slamtømegebyr

Slamtømegebyr (PDF, 196 kB) er eit gebyr du må betale for den tenesta kommunen utfører med å ta seg av kloakkslam frå eigedommen din. Alle eigedommar som ikkje er tilknytt kommunalt avløpsnett, skal vere tilknytt slamavskiljar (septiktank) pga. at ein ikkje har høve til å sleppe kloakken frå eigedommen rett ut i naturen. 

Publisert av Elin Ulvik Ullebø. Ansvarleg Edvin Bøthun. Sist endra 25.02.2015 av Elin Ullebø Ulvik
 
 
Login for redigering