Adresseprosjekt - Fjaler kommune

Kommunestyra i kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Solund har vedteke at det skal tildelast offisielle vegadresser. Det er mange og store fordelar med presise adresser, både ved utrykking, distribusjon og også anna offentleg og privat tenesteyting.

Føremålet med eit godt adressesystem går fram matrikkelforskrifta § 49:

 "Adresser og skilt skal sørge for at alle på en lett og forståelig måte kan identifisere og finne fram til bygninger, atkomst til bygninger, boliger og andre objekter eller steder som det er viktig å finne frem til. Adressen skal også tjene som stadfestingsobjekt og nøkkel til aktuell informasjon i private og offentlige registre og arkiv. Føring av adresser i matrikkelen skal bidra til et felles adressesystem for hele landet."

Kva er ei offisiell adresse?

  • Ei adresse som seier kvar staden ligg.
  • Eit veg-/gatenamn, adressenummer og eventuelt bustadnummer.
  • Adressa skal hjelpe publikum, redningstenester og andre til å finne fram.

Kva er ei adresseeining?

  • Alle faste bustadar, fritidsbustadar, bedrifts- og kulturlokale, og tomter for slike føremål, vert definerte av lovverket som ei adresseeining.
  • Adresseeininga vert tildelt ei offisiell adresse sett saman av vegnamn og adressenummer.
  • Er det fleire einingar med same ytterdør, nyttar ein i tillegg eit husværenummer.

Kva er eit husværenummer?

  • I bygningar med fleire husvære med felles inngang, skal kvart husvære ha eit eige husværenummer.
  • Huseigar får tilsendt ein oblat med husværenummer som skal limast i karmen eller på/ved døra til husvære synleg frå utsida. Oblaten vert sendt separat til huseigar.
  • Ved flytting til eller frå ein bustad med husværenummer, gjev ein dette nummeret til Folkeregisteret i tillegg til vegadressa.

Kva er skilnaden på offisiell adresse og postadresse?

  • Ei offisiell adresse er staden adresseeininga er plassert. Postadressa er leveringsadressa for post og inneheld i tillegg til vegadressa også eit postnummer og eit poststadnamn.
  • Postadressa kan også vere ein postboks (postboks og nr. i staden for veg/gateadresse)
  • Om ikkje anna er avtalt med Posten, er difor den nye vegadressa no også ny postadresse saman med postnummer og poststadnamnet.

Korleis vert nummer tildelt?

  • Teknisk kontor i kommunen tildelar husnummer og husværenummer.
  • Hovudreglen er at hus på høgre side av vegen får oddetalsnummer og husa på venstre side får partalsnummer.
  • Ved spreidd busetnad nyttar ein avstandsnummerering der det vert sett av eitt husnummer per 10 meter veg. Til dømes får eit hus som har avkøyrsle på høgre side 2570 meter frå startpunktet, husnummer 257. Ligg huset på venstre sida får det nr 258.
  • Der adresseparsellen er eit område, vil nummereringa gå fram av det kommunale kartskiltet.

Val av offisielt adressenamn

  • Formannskapet delar inn vegnettet og avgrensa områder (t.d. øyer) i adresseparsellar.
  • Formannskapet vedtek vegnamn og områdenamn.
  • Kommunen prøver så langt det er råd, å ta vare på kulturverdiar i lokale stadnamn. Det skal og takast omsyn til munnleg bruk av namna slik at ein unngår forvekslingar ved oppringing til redningstenester, tinging av transporttenester med meir.
  • Før politiske organ i kommunen gjer sine vedtak, vert sakstilråding lagt ut til offentleg høyring.

Skilting av adressene

  • Adressene skal skiltast slik at ukjende skal finne fram også når det er mørkt.
  • Kommunen har ansvaret for å setje opp og vedlikehalde adressenamnskilta.
  • Kommunen har ansvaret for å setje opp tilvisingsskilt ved sidevegar/stiar.
  • Eigar har ansvaret for å skilte adresseeininga.
  • Skilta skal vere utforma i samsvar med gjeldande standard og plassert slik at dei er godt synlege.

Kart - husnummer

Fjaler kommune jobbar for tida med å sende ut vedtaksbrev til alle adresseeigarar i kommunen. I tabellen under er alle utsendte nummererte adresseparsellar lista opp. Denne vil bli oppdatert kontinuerleg.

NB! Det kan komme endringar i husnummereringa, avhengig av kva klager som er komne inn.

Nr Adresseparsell
  Hovudveg (Raud farge)
1 Dalsfjordvegen (PDF, 3 MB)
2 Dalsvegen (PDF, 7 MB)
3 Nautsundvegen (PDF, 3 MB)
4 Skorsvegen
5 Vassdalsvegen (PDF, 4 MB)
6 Nordsidevegen (PDF, 4 MB)
7 Guddalsvegen (PDF, 7 MB)
8 Slått saman med parsell 7
9 Tyssevegen (PDF, 5 MB)
10 Gjølangervegen (PDF, 5 MB)
11 Lonevegen (PDF, 2 MB)
12 Straumsnesvegen (PDF, 2 MB)
13 Vågsvegen (PDF, 6 MB)
14 Labergvegen
15 Høgelivegen (PDF, 560 kB)
16 Hauglandsvegen (PDF, 3 MB)
17 Dalstunet (PDF, 3 MB)
86 Folkestadvegen (PDF, 2 MB)
  1. Sideparsell (Blå farge)
18 Korssundvegen (PDF, 3 MB)
19 Grytøyra (PDF, 690 kB)
20 Furenesvegen (PDF, 3 MB)
21 Kjøsnesvegen (PDF, 2 MB)
22 Åsnesvegen (PDF, 2 MB)
23 Flekkekleivane (PDF, 759 kB)
24 Vassliåsvegen (PDF, 2 MB)
25 Espedalsvegen (PDF, 2 MB)
26 Hovland (PDF, 615 kB)
27 Bjordalsvegen (PDF, 950 kB)
28 Kalstadvegen (PDF, 2 MB)
29 Svartefossvegen (PDF, 2 MB)
30 Steinsetvegen (PDF, 517 kB)
31 Strandavegen (PDF, 3 MB)
32 Norddalsvegen (PDF, 2 MB)
33 Steiestølsvegen (PDF, 3 MB)
34 Kvievegen (PDF, 2 MB)
35 Vågane (PDF, 768 kB)
36 Solvikvegen (PDF, 2 MB)
37 Hellevika (PDF, 627 kB)
38 Indre Åsnes (PDF, 547 kB)
39 Hålandsbakken (PDF, 564 kB)
40 Skaddalsvegen (PDF, 2 MB)
41 Jarstadvegen (PDF, 3 MB)
42 Dalsåsvegen (PDF, 3 MB)
43 Skarpa (PDF, 2 MB)
44 Yksnebjørvegen (PDF, 2 MB)
45 Sætenesvegen (PDF, 619 kB)
46 Trossevegen (PDF, 2 MB)
47 Jakob Sandes veg (PDF, 3 MB)
48 Bjerga (PDF, 3 MB)
49 Bjergelandet (PDF, 2 MB)
50 Bjergelivegen (PDF, 3 MB)
51 Ytstenesvegen (PDF, 818 kB)
52 Gamle postvegen (PDF, 2 MB)
53 Igeltjørn (PDF, 670 kB)
77 Søre Folkestad (PDF, 753 kB)
78 Sveienvegen (PDF, 367 kB)
79 Hatledalsvegen (PDF, 3 MB)
82 Nesjane (PDF, 561 kB)
83 Gunnhildeneset (PDF, 603 kB)
84 Porsemyrvegen (PDF, 473 kB)
85 Bjørvikestølvegen (PDF, 2 MB)
  2. Sideparsell (Gul farge)
54 Jonstadvegen (PDF, 564 kB)
55 Ytre Åsnes (PDF, 745 kB)
56 Lammetunvegen (PDF, 4 MB)
57 Einingsvegen (PDF, 954 kB)
58 Løsetvegen (PDF, 452 kB)
59 Ormehaugsvegen (PDF, 431 kB)
60 Vosseteigvegen (PDF, 2 MB)
61 Dingemoen (PDF, 2 MB)
62 Vassverksbakken (PDF, 2 MB)
63 Fargarreset (PDF, 3 MB)
64 Fjellvegen (PDF, 3 MB)
65 Dokterbakken (PDF, 2 MB)
66 Einehaugsvegen (PDF, 2 MB)
67 Nikka Vonens veg (PDF, 2 MB)
68 Svehogen (PDF, 3 MB)
69 Nedre Bjergelia (PDF, 2 MB)
70 Teken ut som eigen parsell
71 Bortnheimsvegen (PDF, 2 MB)
72 Langehogen (PDF, 2 MB)
73 Nordre Kjøsnes (PDF, 592 kB)
75 Toppen (PDF, 2 MB)
76 Klokkarlia (PDF, 2 MB)
80 Notanesvegen (PDF, 844 kB)
81 Nordre Vågane (PDF, 578 kB)
  Områdeparsell (Grøn farge)
74 Dalsøyna (PDF, 2 MB)