Borgarleg vigsel

Kommunen har ansvaret for gjennomføring av borgarleg vigsel. I Fjaler kommune har ordførarar og varaordførarar mynde til å vigsle brudepar. Tilbodet om borgarleg vigsel er gratis for kommunen sine innbyggjarar.

Prøvingsattest

Før de giftar dykk må skatteetaten sjekke om de oppfyller villkåra for å inngå ekteskap. det vil seie at de må sende inn ein del papir. Behandlingstida er to-tre veker så ver ute i god tid før vigselen.

Sjå skatteetaten: Vegen til ekteskap - steg for steg

Om alt er i orden skriv Skatteetaten ut ein prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Du skal sende prøvingsattesten til oss. Prøvingsattesten er gyldig i fire månadar.

Slik bestiller du vigsel

Skal du gifte deg borgarleg i Fjaler kommune må du sende inn elektronisk skjema: søknad om borgarleg vigsel. 

Skjema for å bestille borgarleg vigsel

 

Korleis blir sermonien

  • Fjaler kommune nyttar kommunestyresalen som vigselrom. Ynskjer de å ha sermonien ein eigen stad kan de avtale dette med vigslar. 
  • I sermonien nyttar ein det borgarlege vigselformularet, som er eit tekst som vigslaren les opp.
  • Sermonien kan deretter bli tilpassa med til dømes tekst og musikk utover dette. 
  • Det skal vere to vitne til stades under seremonien. Dette er vanlegvis forlovarane, men det kan også vere to andre myndige personar. 
     

Vigselattest

Kommunen sender vigselmelding til folkeregisteret innan tre dagar etter vigelen. Vigselattest vil de motta frå Folkeregisteret.
 

Lovar og reglar

Kjetil Felde
Ordførar
E-post
Telefon 57 73 80 52
Mobil 970 32 034