Søknad om barnehageplass

Kommunale og private barnehagar har samordna opptak med felles søknadsstad og fristar.

Søknadsfrist er 1. mars.
 

Korleis søkje plass

Du søkjer barnehageplass gjennom Visma Flyt Barnehage sin føresetteportal, der loggar du inn med elektronisk ID via ID-porten.

Du loggar inn i Visma Flyt barnehage for å

  • søkje plass for første gang
  • søkje endring av plasstype
  • søkje overføring til annan barnehage i kommunen
  • oppseiing av barnehageplass
     

Logg inn i Visma Flyt Barnehage

 

Kven har rett på barnehageplass?

  • Barnet må vere fylt eit år innan utgangen av november
  • Det må vere søkt om barnehageplass innan 1. mars 

Dei kommunale barnehagne har vedtekter for opptakskriteria.

 

Betalingssatsar barnehage frå 1. januar 2022

Betalingssatsar barnehage frå 1. januar 2022
Type plass Pris pr. månad frå 01.01.2022 Pris pr. månad frå 01.08.2022
100 % plass 3315 3050
80 % plass 2980 2590
60 % plass 2320 2310
Kjøp av ekstradagar Kroner 250 per dag Kroner 250 per dag
Gebyr ved for seint henta barn Kroner 150 for kvar påbegynt halvtime Kroner 150 for kvar påbegynt halvtime
Matpengar Kroner 330 per månad Kroner 330 per månad
Søskenmoderasjon 30 % for 2. barn, 50 % for 3. eller fleire barn 30 % for 2. barn, 50 % for 3. eller fleire barn

* Søskenmoderasjon: 30 % for 2 barn, 50 % for 3 eller fleire barn
 

Matpengar barnehage

Matpengar i barnehagane
Barnehage Pris pr. månad
Flekke barnehage 390
Våge barnehage 330
Yksnebjør barnehage 330

Vedtekter for kommunale barnehagar i Fjaler

Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

  • Hushaldninga får redusert pris dersom maksprisen er høgare enn 6 % av den samla inntekta til hushaldninga, 
  • Gratis kjernetid (20 timar pr. veke) gjeld for 2, 3, 4 og 5-åringane i hushaldningar med samla årsinntekt under kroner 583 650.

Les meir om redusert foreldrebetaling og korleis du søkjer
 

Korleis seie opp barnehageplassen

Du seier opp barnehageplassen gjennom Visma Flyt Barnehage sin føresetteportal.  Du loggar inn med elektronisk ID via ID-porten.

Turid Straume Rørgård
Styrar
E-post
Telefon 57 73 80 66