Opningstider
Opningstidene våre er frå klokka 07.00-16.30 måndag til fredag.
Tilbod
Vi tilbyr 3-, og 5 dagarsplassar. I tillegg er det mogleg å kjøpe enkeltdagar for dei som nyttar 3 dagarstilbod.
Yksnebjør barnehage ligg flott til med eit allsidig uteområde. Vi har flott utsyn over Dalsfjorden og med nærleik til sjø, skogsområde, bibliotek, helsetun, skular og Dale sentrum.
Barnehagen har eit godt samarbeid med blant anna kulturskulen, Dingemoen skule, Elvetun barnehage og Dale vidaregåande skule.