Hellevik barnehage

Vi er ein kommunal barnehage og tek imot born i alderen 0 - 6 år. Vi har ope 5 dagar i veka frå kl 07.20 til 16.15. Barnehagen er stengd tre veker om sommaren.

Leikeplass - Klikk for stort bilete

Vi tilbyr 3-, og 5-dagarsplassar. Dei borna som ikkje har full plass, kan kjøpe enkeltdagar ved behov.

 

Barnehagen ligg i Hellevik sentrum og er eit tilbygg til gamle Hellevik skule. Vi har store og gode lokale med høve til mange ulike aktivitetar. Vi har ein stor leikeplass med ulike leikeapparat og eit stort område med sand. Vi har ballbinge og fotballbane rett nedanfor oss. Barnehagen har skogen som nabo og sjøen er i gangavstand. Vi kan difor gje borna eit variert tilbod.

 

Vi har samarbeid med Kulturskulen, Våge barnehage, Våge skule og Dale vidaregåande skule.

 

Vi legg stor vekt på at borna skal utvikle sosial kompetanse og få god tid til leik.

Publisert av Kårhild Hustveit. Ansvarleg Vigdis Øen Åsnes. Sist endra 31.01.2017 av Elin Ullebø Ulvik
 
 
Login for redigering