Helsestasjonen arbeider med helsestasjonsteneste for barn 0-6 år, skulehelseteneste, helsestajon for ungdom 13-20 år og jordmorteneste.
Vi er å finne på Helsetunet, i underetasjen - samme bygg som Fjaler sjukeheim. Parkering og inngang på nordsida (mot fjorden).
Det er to helsesøstre , ei jordmor og ein lege tilknytt til helsestasjonen. Lege er tilstades kvar tysdag.
Tenester helsestasjonen tilbyr
- barnevaksinasjon
- helseundersøkingar
- førebyggjande psykososialt arbeid
- rettleiing om helse
- informasjon om utvikling hos barn
- rettleiing om kosthald
- heimebesøk
- samarbeid om habilitering av barn og unge
Jordmorteneste
Tenesta gjer tilbod om omsorg rundt graviditet og fødsel. Jordmor samarbeider i hovudsak med lege og helsesøster. Jordmor er å treffe kvar onsdag.
Helsetenesta for ungdom
Ungdom frå 13-20 år
I skuleåret det er mogleg å treffe helsesøster utan time bestilling. Helsesøster er å treffe på skulane fylgjande:
- Dale vidaregåande skule om onsdagane
- Fjaler ungdomsskule om onsdagane
- Våge skule annakvar måndag (oddetalsveke)
Det er også mogleg å «stikk innom» eller ringe og bestille time på helsestasjon. Ungdom kan få råd og rettleiing blant anna om seksualitet, prevensjon, kjønnssjukdommar, psykiske problem og kosthald. Helsesøster kan hjelpe å ordne kontakt med lege om ynskeleg.
Sist endra04.12.2019 15.30