Borgarleg vigsel

Vasslilje - Klikk for stort bilete Kommunane overtek ansvaret for borgarleg vigsel frå 1. januar 2018. Det alminnelege tilbodet om borgarleg vigsel frå kommunen skal vera gratis for kommunen sine innbyggjarar. Alle detaljar kring tilbodet er ikkje klare enno, men Servicekontoret kan allereie no ta imot tingingar. 

I slutten av juni 2017 endra Stortinget ekteskapslova, og vigselsmynde vart overført frå domstolane til kommunen. Lovendringa betyr at vigselsmynde vert overført til ordførarar, varaordførarar og kommunalt tilsette eller folkevalde som kommunestyret gir mynde. 

Om borgarleg vigsel

Frå 01.01.2018 vert vigselsmynde overført frå domstolane til kommunane. Skal du gifta deg borgarleg i Fjaler i 2018, må du difor for ta kontakt med Fjaler kommune v/Sørviskontoret 57 73 80 00 eller på post@fjaler.kommune.no
 

Fram til 01.01.2018 vil du framleis kunna gifte deg i Sogn og fjordane tingrett.

Prøvingsattest

For å inngå ekteskap i Norge, må det først vurderast om ekteskapsvilkåra er oppfylt. Dette kallast prøving av ekteskapsvilkåra, og vert gjort av folkeregisteret ved ditt regionale skattekontor. På bakgrunn av prøvinga, vil folkeregisteret kunne skrive ut ein prøvingsattest. Attesten er gyldig i fire månader få utskrivinga. Alle spørsmål knytta til prøvingen må rettast til folkeregisteret ved ditt regionale skattekontor.

Kjønnsnøytral ekteskapslov

1. januar 2009 fikk Norge kjønnsnøytral ekteskapslov. Dette inneber at personar av same kjønn kan inngå ekteskap. Tidlegare inngått partnarskap kan gjerast om til ekteskap ved søknad til folkeregisteret.

Fram til Fjaler kommune har fått klarlagt retningsliner og rutinar kan du finna mykje god informasjon om borgarleg vigsel her

Publisert av Martin Lundgård. Sist endra 02.11.2017 av Martin Lundgård
 
 
Login for redigering