Melding til barneverntenesta

Offentleg tilsette skal av eige tiltak, utan hinder av teieplikta, gje opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at barn lever under forhold som kan skade deira helse eller utvikling. Offentleg tilsette må sende skriftleg melding til barneverntensta. I nokre tilfelle vil det og vere aktuelt med ein søknad om tiltak. Private, t.d. familie, vener og naboar, kan og melde bekymring til barneverntenesta

 

 

 

Send skjema til HAFS barnevernteneste, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord

Barneverntenesta skal snarast, og seinast innan ei veke, gjennomgå innkome meldingar og vurdere om meldinga skal følgjast opp med undersøkingar. Undersøking skal starte opp dersom det er rimeleg grunn til å tru at det er behov for hjelpetiltak. Meldinga skal leggjast bort dersom den er openbar grunnlaus og/eller dersom vilkåra i lova ikkje er oppfylte.