Barnevern

Barnevernet si hovudoppgåve

Hovudoppgåva til barnevernet er å bidra til at born og unge får trygge oppvekstvilkår. Born og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, skal få naudsynt hjelp og omsorg til rett tid.

Lavo under bygging - Klikk for stort bilete Både kommunane og staten har oppgåver og ansvar på barnevernområdet. Born som har særlege behov, skal først og fremst få hjelp i sin eigen heim. Dersom det ikkje er nok å gje hjelpetiltak i heimen, kan barneverntenesta plassere borna i fosterheim eller i barneverninstitusjon.

 

Målgruppe

Barneverntenesta si målgruppe er born og unge i alderen 0 til 18 år og familiane deira. Når ungdomane samtykkjer kan tiltak som er sett i verk før fylte 18 år, oppretthaldast eller erstattast inntil ungdomen fyller 23 år.

 

Melding til barnevernet

Alle som bekymrar seg for eit barn si utvikling eller omsorg kan ta kontakt med barneverntenesta om dette. Offentleg tilsette skal av eige tiltak, utan hinder av teieplikta, gje opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at born lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling. Offentleg tilsette må sende skriftleg melding til barneverntenesta.

 

Skjema for melding > (PDF, 42 kB)

 

 

Krisesituasjonar

Alarmtelefonen for barn og unge 116 111 ( gratis) er ein naudtelefon for barn og unge.
Alle telefonar blir svart av voksne som har lang erfaring i å hjelpe barn og unge.

 

Informasjon om barnevernet i Noreg finn du også på nettstaden www.barnevernet.no, som vert driven av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Ansvarleg Charlotte Willemoes. Sist endra 25.02.2015 av Elin Ullebø Ulvik
 
 
Login for redigering