Hafs barnevernteneste

Hafs barnevernteneste har ansvar for barneverntenester i kommunane Hyllestad, Askvoll, Solund og Fjaler.

Barnevernet si hovudoppgåve

Hovudoppgåva til barneverntenesta er å bidra til at born og unge får trygge oppvekstvilkår. Born og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, skal få naudsynt hjelp og omsorg til rett tid.

Både kommunane og staten har oppgåver og ansvar på barnevernområdet. Born som har særlege behov, skal først og fremst få hjelp i sin eigen heim. Dersom det ikkje er nok å gje hjelpetiltak i heimen, kan eit tiltak vere at barnet for ein periode bur i fosterheim eller institusjon. Barneverntenesta skal i slike tilfeller alltid undersøkje om det er mogeleg for barnet å bu saman med nokon i slekt eller i nettverket sitt.

Målgruppe

Barneverntenesta si målgruppe er born og unge i alderen 0 til 18 år og familiane deira. Når ungdomane samtykkjer kan tiltak som er sett i verk før fylte 18 år, oppretthaldast eller erstattast inntil ungdomen fyller 23 år.
 

Slik kontaktar du barnevernet

Krisesituasjonar utanom arbeidstid

  • Interkommunal barnevernvakt utanom vanleg arbeidstid, telefon 474 57 272

Vaktordninga er felles for kommunane Sunnfjord, Kinn, Bremanger, Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund.

Hovudoppgåva er å hjelpe barn og familiar i akutt krise og som ikkje kan vente til neste arbeidsdag. Barnevernvakta vil vere bemanna med tilsette i dei kommunale barneverntenestene som i hovudsak vil gi råd og rettleiing på telefon. Ved akutt krise kan barnevernvakta vurdere å rykke ut for å bistå meir aktivt i situasjonar.
 

Alarmtelefonen for barn og unge, telefon 116 111

 

Melding til barnevernet

Det er viktig at du melder til barnevernet dersom du er bekymra for eit barn. Meldinga frå deg kan vere viktig for barnet eller ungdomen det gjeld. Barn og ungdom kan også sjølv ta kontakt med barnevernet. Offentleg tilsette har plikt til å gi opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn blir utsett for mishandling, andre former for alvorleg omsorgssvikt eller når eit barn har vedvarande alvorlege adferdsvanskar. Melding frå offentlege instansar skal vere skriftleg.

 

 

Informasjon om barnevernet i Norge

Informasjon om barnevernet i Noreg finn du også på nettstaden www.barnevernet.no, som vert driven av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Leiar
  • Tlf: 57738170
  • Mob: 915 69 595
  • E-post: