Familievernkontor

Ved vanskar mellom anna i høve samlivsbrot og separasjon/skilsmisse er det familievernkontoret ein kan kontakte for å få hjelp.

Fred over vatnet - Klikk for stort bilete

Dei fleste par og familiar opplever frå tid til annan vanskar eller konfliktar. Familievernkontoret hjelper alle som treng å prate om vanskelige forhold i familien. Familievernet gir råd og rettleiing om samlivsproblem, anten til heile familien, til paret eller til einskildpersonar. Ein kan få hjelp til å halde fram i eit parforhold, eller hjelp i samband med samlivsbrot og separasjon/skilsmisse. Tenesta oppmodar klientar om å søkje hjelp på eit tidleg stadium for å unngå at konfliktane blir fastlåste.

 

Det næraste familievernkontoret for våre kommunar er familiekontoret i Førde.

Publisert av Margrete Reisæter. Sist endra 25.02.2015 av Elin Ullebø Ulvik
 
 
Login for redigering