Slik søker du
Du må bu eller opphalde deg i kommunen, og du må sende ein skriftleg søknad. Det er eit eige søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.
Gå til søknadsskjema
Du kan og få søknadsskjemaet på kommunehuset eller på tenestekontoret på sjukeheimen.
Søknaden sendast til:
Fjaler kommune
v/ Helse- og omsorgsstenesta
Dalsvegen 81
6963 Dale i Sunnfjord
Søknadane vert handsama fortløpande. Dersom omsorgsytar skal planlegge ferie eller at ein på anna måte er avhengig av avlasting i ein bestemt periode, bør det søkjast i god tid før perioden startar.
Kva kostar det?
Det er ikkje eigenbetaling for avlastningsopphald i institusjon