Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Vaksinering  |  Testing

Vaksinespørsmål: 57 73 80 00 (kvardagar 09.00–14.00)

 

Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm kan verte tildelt den som har behov for å kunne tilkalle hjelp på ein enkel og trygg måte, og som ikkje har høve til å tilkalle hjelp på anna vis.

Tenesta er knytt opp mot Alarmsentralen i Sogn og Fjordane. Tryggleiksalarmen har eit eige sim-kort. Det betyr at du ikkje treng hustelefon eller mobiltelefon for å ha alarm, men det er ein fordel om du har ein av delane (det gjer det lettare å få kontakt med deg).

Slik søkjer du

Du bruker søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om tryggleiksalarm.
 

Her finn du søknadsskjema

 

Søknad sendast til:
Fjaler kommune
Helse- og omsorg
Dalsvegen 81
6963 Dale i Sunnfjord
 

Kva kostar det?

Tenesta koster 275 kroner per månad.
Tenesta vert fakturert frå oppkoblingsdato og ut månaden ved nedkobling.

Dersom tryggleiksalarm eller utstyr vert øydelagd eller forsvinn, må dette erstattast av brukar sjølv.

Hanne Ulvatne Igelkjøn
Koordinator
E-post
Telefon 57 73 81 25