Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Vaksinering  |  Testing

Vaksinespørsmål: 57 73 80 00 (kvardagar 09.00–14.00)

 

Familievernkontor

Ved vanskar mellom anna i høve samlivsbrot og separasjon/skilsmisse er det familievernkontoret ein kan kontakte for å få hjelp.

Dei fleste par og familiar opplever frå tid til annan vanskar eller konfliktar. Familievernkontoret hjelper alle som treng å prate om vanskelige forhold i familien. Familievernet gir råd og rettleiing om samlivsproblem, anten til heile familien, til paret eller til einskildpersonar. Ein kan få hjelp til å halde fram i eit parforhold, eller hjelp i samband med samlivsbrot og separasjon/skilsmisse. Tenesta oppmodar klientar om å søkje hjelp på eit tidleg stadium for å unngå at konfliktane blir fastlåste.

 

Det næraste familievernkontoret for våre kommunar er Familiekontoret i Førde