Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Vaksinering  |  Testing

Vaksinespørsmål: 57 73 80 00 (kvardagar 09.00–14.00)

 

Dagopphald i institusjon

Dagopphald i insitusjon (på sjukeheimen) er eit tilbod til eldre heimebuande som har behov for aktivisering på dagtid samt eventuell oppfølging i høve medisin og ernæring.

På dagopphald får du måltider, trim og andre aktivitetar samt sosialt samver.

Målgruppe

Eldre heimebuande med behov for tilsyn, oppfølging og aktivisering på dagtid.

 

Slik søker du

Du må bu eller opphalde deg i kommunen, og du må sende ein skriftleg søknad. Det er eit eige søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.

Gå til søknadsskjema >

Du kan og få søknadsskjemaet på kommunehuset eller på tenestekontoret på sjukeheimen.


Send søknaden til:

Fjaler kommune
Helse-og omsorgstenesta
Dalsvegen 81
6963 Dale i Sunnfjord

Søknadane vert handsama fortløpande.
 

Kva kostar dagopphald?

Dagopphald på sjukeheimen kostar kroner 178 per dag.
Sjå fleire prisar i prislista under:

Prisliste for kommunale tenester

                 

Solheim Evy
Leiar sjukeheimen
E-post
Telefon 57 73 81 47
Bente S Solheim
Leiar tenestekontoret
E-post
Telefon 57 73 81 26