Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus?
Vaksinespørsmål: 57 73 80 00 (kvardagar 09.00–14.00)
Nasjonal informasjonstelefon: 815 55 015 

 

Abonnement på brøyting av private vegar/gards- og grendevegar

Fjaler kommune har tilbod om kommunal brøyting av private vegar/gards- og grendevegar. Bestillingsskjema og informasjon finn du i artikkelen nedanfor.

Alle innmelde kontaktpersonar har fått tilbodet tilsendt. Andre som treng det, kan få det ved å kontakte Fjaler kommune, telefon 57738000. 

 

Etter vedtak i kommunestyret 16.03.15 og nytt vedtak 068/16 kan eigarar av private vegar tinge brøyting av kommunen.

  • Den private vegen må vere minst 100 meter lang og vere i så god stand at han kan brøytast utan fare for skade på utstyr og brøytar.
  • Før brøytinga tek til vil kommunen/brøytaren kontrollere at vegen har god nok standard.  (Bereevne, gruslag, breidde, snølager/grøfter, skog langs veg, snuplass.) Dersom vegen ikkje kan brøytast slik den er, vil eigaren får tilbakemelding snarast.
  • Ved større snøfall vert brøyting av kommunal veg/plassar og tilkomst til personar med utrykningsberedskap prioritert før brøyting av dei private vegane. Teikning av abonnement, og snøstikkesetjing er ein føresetnad for å få brøyting.
     

Kontaktperson 

Dersom det er fleire brukarar av ein veg, lyt dei gå saman om abonnementet, og stille med ein representant/kontaktperson  overfor kommunen. Der det er vanskeleg for interessentane å bli samde om korleis plikt til vedlikehald skal fordelast, kan desse spørsmåla  avgjerast ved skjønn etter veglova §54 ( Ytre Sogn og Sunnfjord Jordskifterett.)

Der det ikkje er valt kontaktperson for vegen, er denne informasjonen sendt til ein tilfeldig utvalgt oppsitjar langs ein privat veg.

 

Pris for brøyteabonnement per sesong:

Veglengde:       

  • 100 - 250 meter,  kroner 5000,- inkl. mva.
  •  251 - 500 meter, kroner 6000,- inkl. mva.
  •  501 meter og over, kroner 8000,- inkl. mva.
     

Skjema for påmelding brøyteabonnement:

 

Send påmelding til:       

Fjaler Kommune                                                         
Dalstunet 20
6963 Dale i Sunnfjord

E-post: post@fjaler.kommune.no

 

Dersom noko er uklart, ta kontakt med Øivind Helle: 

Øivind Helle
Ingeniør / brannsjef
E-post
Telefon 57 73 80 48