NB! Skjenkeløyve for enkelthøve/ambulerande må søkjast seinast 3 veker før arrangementet skal haldast.
Målgruppe
Skjenkeløyve kan søkjast av personar som ønskjer å servere alkoholhaldig drikk i samband med slutta selskap eller ved eit bestemt høve.
Skjenkeløyve i einskildhøve
Det fins ulike typar skjenkebevilling for einskildhøve, avhengig av om det er slutta lag eller opent arrangement:
- Ambulerande bevilling (deltakarar i slutta selskap).
- Alminneleg bevilling for einskildhøve- opent arrangement 1-6 dager.
- Alminneleg bevilling for einskildhøve- opent arrangement utover 6 dager.
- Utviding av eksisterande bevilling for eit einskildhøve
Når ein søkjer om bevilling reknar kommunen med at det er gjort avtale med utleigar av lokale og/eller uteareal. Skjenkestaden skal vere godkjend av bygningsmyndigheitene og av Mattilsynet. Bevilling for einskildhøve kan ikkje tildelast til lokalar som har fast skjenkebevilling då det ikkje kan vere to bevillingar på same lokale.
Løyve til skjenking ved enkeltarrangement skal vere i samband med særskilde arrangement. Det vert ikkje gitt skjenkeløyve i samband med idrettsarrangement (eller) arrangement i tida der born og unge er ei viktig målgruppe.
Ambulerande skjenkeløye §4-5
Det kan serverast og drikkast alkoholholdig drikk utan bevilling i et leigd lokale, når ein privat person arrangerer selskap for ein slutta krets av familie eller venner, slik som ved bryllaup, fødselsdag eller liknande. Det er eit vilkår at alkoholserveringa er utan betaling, og at utleigar av lokalet ikkje står for andre delar av arrangementet enn sjølve utleiga av lokalet.
Dersom utleigar av lokalet står for innkjøp eller servering av mat eller drikke, vil det krevje bevilling, sjølv om dette gjerast utan vederlag. Det krev og bevilling i dei tilfella eit eksternt firma står for innkjøp eller servering av både mat og alkohol. For at ein kan ha alkoholservering utan bevilling, må dei alkoholhaldige varene alltid skaffas av privatpersonane sjølv, på same måte som om festen var heime.
Det er likevel ikkje noko til hinder for at ein bestiller mat frå eksterne firma, så framt dette ikkje involverer innkjøp eller servering av alkohol. Vilkåret om at utleigar ikkje må vere involvert i arrangementet er absolutt. Føresegnet er likevel ikkje til hinder for at det i lokalane fins musikkanlegg, kjøkken, serveringsutstyr og liknande som vert stilt til disposisjon for den som leiger lokalane.
Viss det direkte eller indirekte krevjast vederlag for alkoholholdig drikk må ein alltid ha skjenkebevilling.
Alminneleg skjenkebevilling (1-6 dagar)
Skjenking alkoholholdig drikk i gruppe 1, 2 og 3 for eit einskild opent (offentleg) arrangement på 1 – 6 dagar som til dømes konsertar, teater, festivalar med vidare.
Alminneleg skjenkebevilling (ut over 6 dagar)
Skjenking alkoholholdig drikk i gruppe 1, 2 og 3 for eit einskild opent (offentleg) arrangement på 1 – 6 dagar som til dømes konsertar, teater, festivalar med vidare
Utviding av bevilling for arrangement
Innehavar av ordinær skjenkebevilling kan og søkje om utviding av bevilling for eit einskild høve dersom arrangement skal finne stad i direkte tilknyting til skjenkestaden (til dømes telt utanfor).
Regelverk: Lov om omsetjing av alkoholhaldig drikk (Alkohollova)
Lov om serveringsverksemd (Serveringslova)
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (Forvaltningslova)
Handbok i alkohollova (Helsedirektoratet)
Forskrift om omsetnad av alkoholhaldig drikk (Alkoholforskrifta)