Eigedomsskatt
– Opplysningar om taksering
Eig du
næringseigedom?
Då skal du bruke skjemaet til å sende opplysningane vi treng
om næringseigedomen for å berekne eigedomsskatten.
Eig du
ein bustad eller anna eigedom som ikkje har bustadverdi frå Skatteetaten?
Då vil eigedomen din bli synfart utvendig. Det er ikkje
behov for at du er til stades under synfaringa.
Dersom du ynskjer å vere til stades skal du fylle ut dette
skjemaet .
Fastsetting
av takst
Kommunestyret vedtok i k-sak 104/24
ny allmenn taksering av alle eigedomar i kommunen. Nye skattetakstar vert
gjeldande frå skatteåret 2026
For bustadeigedomar har kommunestyret vedtatt å bruke Skatteetaten sin
bustadverdi (berekna marknadsverdi) som grunnlag for utrekning av
eigedomsskatten, jf. eigedomsskattelova § 8 C-1. Alle andre typar eigedomar,
også bustadeigedomar utan tilgjengeleg bustadverdi frå Skatteetaten, må
takserast ved utvendig synfaring.
Det er eigedomsskattelova § 8 A-2 som dannar utgangspunktet for
verdsetting av eigedomane:
(1) Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein
må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering
kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal. Skattegrunnlaget
for bustader og fritidsbustader vert sett til verdet multiplisert med 0,7.
[...]
Synfaring
I Samband med skattetakseringa vil det bli
gjennomført utvendig synfaring alle eigedomar med tilhøyrande bygg. Det er
ikkje naudsynt at du som eigar er med når synfaringa blir gjennomført. Om du
likevel ynskjer å vere til stades under synfaringa må du melde ifrå så snart
som mogleg og seinast innan fire veker frå du fekk brevet. Du vil då bli
kontakta når det nærmar seg tid for synfaring.
Synfaringa vert utført av Verditaksering
Kjell Larsen AS. Dei tilsette synfaringsressursane er kledd med gule vestar med
påskrifta «Taksering» på ryggen. I tillegg har dei legitimasjon som er utskrive
av Fjaler kommune.