Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015

 

Spørsmål og svar om tilsetjingsforhold

Her finn du svar på ofte stilte spørsmål om sjukmelding, ferie, løn, pensjon og andre ting som gjeld arbeidsforholdet ditt i Fjaler kommune. 

Spørsmål og svar om tilsetjingsforhold

Permisjon - kva permisjon har eg rett på? uferdig

Alle permisjonar du kan søke om står i permisjonsreglementet.

Du finn permisjonsreglementet i kvalitetshandboka under personal.

Ferie - har eg rett på å få tilbake ferien ved sjukdom?

Er du 100 % sjukmeldt når ferien starter, kan du kreve å få utsatt ferien. Er du derimot gradert sjukmeldt, skal du ta ferie som planlagt. 

Er du 100 % sjukmeldt minst ein arbeidsdag i ferien, har du rett på å få ferien igjen seinare.

  • Vert du sjuk medan du er på ferie i eit EØS-land, har du rett til ny ferie med lønn.
  • Om du ferierer i eit land utanom EØS, har du rett til ny ferie, men utan lønn. 

Føresetnaden for at du kan få igjen ferien er at du kan dokumentere sjukdommen med legeerklæring frå feriestaden. Legeerklæring må du legge fram for einingsleiaren din når du starte opp igjen i arbeid. 

Du får berre erstatta tal dagar du har vore sjukmeldt.

Ferie - kor mange dagar kan eg overføre til neste år?

Du kan overføre to ferieveker til neste år. Du har ikkje noko krav på å få overført ferie, arbeidsgjevar avgjer. Du må søke om overføring i god tid.

 

Rett? Korleis søkjer ein?

Løn - om eg har betalt for mykje eller for lite løn - kva gjer eg då?

Ta kontakt med leiaren din.

Skade - kva gjer eg om eg skadar meg i eller utanfor arbeidstida?

Det er litt ulike rutinar ut frå kor alvorleg du skader deg og om det er i eller utanfor arbeidstida. Uansett så kontaktar du din leiar som hjelper deg med å fylle ut alle skjema.

Du finn informasjon om melding av skade i kvalitetshandboka under personal.

 

Forsikringar - kva forsikringar har eg i Fjaler kommune?

Som tilsett i Fjaler kommune har du desse forsikringane:

  • Gruppelivsforsikring som gjeld utbetaling ved dødsfall.
  • Yrkesskadeforsikring (lovfesta) som gjeld medisinsk invaliditet, ervervsuførheit og dødsfall som følge av yrkesskade/yrkessjukdom i arbeid på arbeidsstaden i arbeidstida. 
  • Tariffbestemt yrkesskade omfattar det same som yrkesskadeforsikring, men gjeld på direkte reise til/frå arbeid og på tenestereise.
  • Ulykkesforsikring på fritid.
  • Tenestereiseforsikring.

I Kvalitetshandboka under personal finn du meir informasjon om forsikring.

Oppseiingstid - kor lang oppseiingstid har eg?

Vanlegvis gjeld desse oppseiingstidene, men du kan også bli enig med leiaren din om ei anna oppseiingstid. 

Gjensidig oppseiingstid arbeidstakar/arbeidsgjevar:

  • Fast tilsett: 3 månader oppseiingstid
  • Mellombesl tilsett: 1 månad oppseiingstid
  • Mellombels tisett i inntil 2 månader: 14 dagar
  • Ved skriftleg tilsetting med inntil 6 månader prøvetid: 14 dagar i prøvetida

 

Du finn meir informasjon om oppseiing i personalreglementet som ligg i kvalitetshandboka.

Pensjon - om eg lurer på noko om pensjon, kven tek eg kontakt med?

Pensjonkontakt i Fjaler kommune er personalsjef Camilla Valvik, Camilla.Ericsson.Valvik@fjaler.kommune.no, telefon 57 73 80 15. Ta behov om du har spørsmål eller har behov for rettleiing når du skal søke.

 

Rus på arbeidsplassen - om eg ser ein medarbeidar som eg trur er rusa, kva bør eg gjere då?

Då skal du kontakte din leiar og informere han/ho om kva du har sett/observert.

Du kan og kontakte AKAN- hovudkontakt i kommunen som er  Evi Ollikainen (Evi.ollikainen@staminagroup.no) hos bedriftshelsetenesta; telefon: 415 12 373. 

 

Gjeld det siste oss og?

Avvik - korleis melder eg det?

Du melder avvik i kvalitetshandboka under modulen avvik. Ta kontakt med leiaren din om du treng hjelp til å melde inn avvik.

Varsling om kritikkverdige forhold og korleis eg melder dette?

Å varsle er å seie frå om kritikkverdige tilhøve på arbeidsplassen. Døme på kritikkverdige tilhøve kan vere:

  • Tilhøve som kan føre til fare for liv og helse
  • Medarbeidarar som vert mobba eller frosne ut
  • Korrupsjon
  • Maktmisbruk
  • Underslag, tjuveri og økonomisk misleghald
  • Brot på skattereglar
  • Brot på teieplikt
  • Diskriminering
  • Brot på interne reglar/instruksar

I Kvalitetshandboka under personal finn du meir informasjon om korleis du går fram ved varsling.

Hovedstillitsvalde og hovudverneombod - kor finn eg oversikt over dei?
Lover og regelverk som styrer tilsetjingsforholdet mitt i Fjaler kommune - kor finn eg det?

Regelverk som styrer tilsetjingsforholdet i Fjaler kommune finn du i kvalitetshandboka under personal.

Kva skal vi ta med her?

https://sunnfjord.kommune.no/om-oss/for-tilsette/skjema-og-reglement/

 

Kompetansetillegg - kva er det?

Kompetansetillegg er eit lønstillegg som du kan få om du tar relevant vidareutdanning. Du kan få frå 7500 – 30 000 kroner avhengig av omfanget av utdanninga.

Fullstendige retningslinjer for kompetansetillegg finn i...

 

RETT?

Politiattest - kven treng det?

Om du jobbar i barnevern, ungdomsklubb, barnehage, skule, kulturskule, PPT eller innan pleie og omsorg, skal du levere politiattest før du startar å arbeide. 

Politiattesten kan ikkje vere eldre enn 3 månader. Du må søkje politiattest elektronisk på www.politi.no. For å søke må du legge ved «Stadfesting av føremålet med politiattest».

Denne stadfestinga vert sendt deg elektronisk når har takka ja til stillinga, skrive under arbeidsavtalen....KVA BLIR RETT?

Lønsslipp - kvar finn eg den?

Du loggar inn i Visma Enteprise

Lønslippen din finn du under "meg selv" , vel "dokumenter" og "lønnslipper"

 

Registrere fråvær, ferie og timeliste - kor gjer eg dette?

Du registrerer fråvær, ferie og timeliste i Visma enterprise.

Her finn du lekkje til innlogging og brukarrettleiing

Ekstra skattetrekk - korleis registrer eg det?
Eigenmelding ved sjukdom - når kan eg bruke den?

Når du har vore tilsett i 2 månader, kan du bruke eigenmelding ved sjukdom. Hugs å ta kontakt med leiaren din første fråværsdag.  

Eigenmelding ved sjukdom - når kan eg ikkje bruke den?

Du kan ikkje bruke eigenmelding 

  • før du har vore tilsett i 2 månader (før det må du ha sjukmelding)
  • dersom du samtidig har ei gradert sjukmelding
  • i forlenging av ei sjukmelding
  • når du har oppnådd maksdato
  • når du har brukt 24 eigenmeldingsdagar i løpet av siste 12 månader
  • når du har brukt 8 dagar med eigenmelding innanfor dei siste 16 dagane

Dersom du har vore sjuk i meir enn 16 kalenderdagar samanhengande (arbeidsgjevarperioden), må det gå 16 nye kalenderdagar før du kan bruke eigenmelding igjen.

Sjuke barn - når kan eg vere vekke frå arbeid på grunn av sjuke barn? - sjekk + meir info?

Når du har vore tilsett i 1 månad, kan du bruke eigenmelding i 3 samanhengande kalenderdagar om du har sjuke barn under 12 år. Frå 4. dag, må du levere legeerklæring på at barnet er sjukt. Dette gjeld også om den som til dagleg passar barnet, er sjuk.

Kor mange dagar du har rett til å vere heime med sjuke barn totalt i løpet av eit år, vil variere med tal barn og omsorgssituasjon.

Sjukmeldt eit år - kva skjer då?

Når du har vore sjuk i eitt år får du vanlegvis inntil eitt års permisjon utan løn, og om sjukdomen varer utover dette kan du få permisjon i ytterlegare eitt år.

Vilkår for å få permisjon er at du er under behandling og at det er utsikt til betring. 

Du må søke permisjon i den perioden du er sjukmeldt utover eitt år.  

Er det ikkje noko betring i helsesituasjonen din etter to år, vil arbeidsgjevar vurdere oppseiing eller du kan seie opp stillinga di sjølv. 

 

Rett?