Informasjon til tilsette i Fjaler kommune under Koronapandemien

Informasjon i samband med ferieavvikling 2020

KS, LO, Unio, YS og Akademikerne er einige om tilrådingar rundt planlegging og avvikling av ferie for 2020. Tilrådingane finn du her:

Felles rettleiar om avvikling av ferie i 2020

 

Endringar i fråværsreglar som til no har vore utvida på grunn av koronasituasjonen
 

Rett til utvida eigenmelding frå 8 til 16 dagar blir fjerna frå 1. juni
Frå 1. juni fjernar regjeringa utvida rett til eigenmelding, og du må difor levere sjukmelding som normalt frå 9. dags fråvær. Oppteningstida for å nytte eigenmelding vil igjen vere 2 månadar. Les meir på regjeringa si nettside.
 

Tal omsorgsdagar (sjukt barn-dagar) blir foreslått nullstilt frå 1. juli
Regjeringa har fremma forslag om å «nullstille» alle omsorgspengeperioder frå 1. juli. På denne måten får alle foreldre ei ny heilårskvote som skal gjelde for dei seks månadane som er igjen av 2020. Dette vil gje dei foreldre med eitt eller to barn 10 dagar kvar for perioden juli til desember. Foreldre med meir enn to barn vil få 15 dagar. I tillegg gis det 10 ekstra dagar for kvart kronisk sjukt eller funksjonshemma barn, og einslege forsørgjarar får dobbelt tal dagar. Les meir på regjeringa si nettside.