Dalsfjordsambandet i rute

Det er gledeleg å reigstrere at arbeidet med Dalsfjordsambandet går for fullt. Vi hadde nyleg møte i referansegruppa og her fekk vi dei siste oppdateringar frå prosjektleiar Einar Kåre Hovland (utflytta flekking).

Dalsfjorden sett frå Laukelandsfossen | Fotograf: Ola Hovland
Dalsfjorden sett frå Laukelandsfossen fotograf Ola Hovland

Prosjekteringsarbeidet er i rute og skal vere ferdig i november. Vegkontoret har sjølv ansvar for nordsida, medan Sweco tek seg av prosjekteringa på sørsida.

 

Samferdsleutvalet har samrøystes lagt handlingsprogrammet for fylkesvegane (tidlegare riksvegar) ut på høyring. Her ligg Dalsfjordsambandet inne med oppstart i 2010 og er fullfinansiert.

 

Utover hausten skal handlingsprogrammet handsamast i fylkeskommunale organ med endeleg vedtakt i fylkestinget i desember.

 

Vegkontoret legg opp til anleggsstart i februar/mars neste år og dersom alt går etter den oppsette framdrifta kan dei første bilane køyre over Dalsfjorden i april 2013!

 
Publisert av Kårhild Hustveit. Ansvarleg Helle, Arve. Første gong publisert 06.07.2009
Fjaler kommune, Postboks 54, 6961 Dale i Sunnfjord. Tlf 57 73 80 00. Fax 57 73 80 01 post@fjaler.kommune.no      Org.nr 864968422