Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Vaksinering  |  Testing

Vaksinespørsmål: 57 73 80 00 (kvardagar 09.00–14.00)

 

Vinnarar av TiTur Dalsfjorden 2021

Torsetgjerdet. Årets instagramfoto! May Britt Ness.     
TiTur Dalsfjorden er eit samarbeidsprosjekt mellom Askvoll kommune, Fjaler kommune, Indre Sunnfjord turlag og turlaga i dei to kommunane. 

Arrangementet vart ein suksess også i 2021 med ny rekord i tal deltakarar! 236 registrerte som har fullført! (223 i 2020). Av dette er det 149 damer og 87 menn.

Alle som fullfører får t-skjorte og så vert det trekt eit gåvekort på 3x 1000 kroner der det eine skal gå til eit barn. Det vert også delt ut eit gåvekort til eit instagrambilete som er merka #titurdalsfjorden21

Årets vinnarar av gåvekort er:

Lotte Giskedatter Ness, Magni Thorsen og Freddy Øen.  May Britt Ness har teke årets instagramfoto. Desse er kontakta og får gåvekort på Dale sport.

Vi har nokon t-skjorter som skal delast ut. Ta kontakt med kulturkontoret i Fjaler dersom du ikkje har fått t-skjorte.


Det vert TiTur Dalsfjorden også i 2022

Det vert TiTur Dalsfjorden også i 2022. Nye toppar vert publisert rundt nyttår.
Vi takkar Sparebanken Sogn og Fjordane og  Indre Sunnfjord turlag for støtta.

Takk til alle som deltok!