Vil du jobbe med å spreie matglede til barn og unge?

Klikk for stort bileteFjaler kommune søker ein person som kan vere instruktør på "Smaksverkstedet", eit tilbod for barn og unge rett etter skuletid.

Smaksverkstaden er eit matkurs for barn som går over ein avgrensa periode. For hausten 2019 planlegg vi ei kursrekke på 8-10 gonger, med ei gruppe på 8-10 barn. Vi ønsker og få til ei kursrekkei Flekke, men andre skular kan og vere aktuelle. Her får du jobbe med matglede på ein uformell arena, og lære vidare kunnkap om næringsrik og bærekraftig mat.

Sjå heimesida til Smaksverkstedet for meir informajson. For kontakt send epost til kry@fjaler.kommune.no eller ring 57 73 81 03 innan 16.08.2019.