Vi ynskjer meir kvardagsmosjon

Sykle til jobben - Klikk for stort bilete Fjaler kommune ynskjer at alle innbyggarane har ei god helse. Det er mange faktorar som påverkar dette - ein av dei er kvardagsmosjon. Vi oppfordrar no alle som bur og jobbar i Fjaler kommune (og som er over 15 år) om å vera med på sykle til jobben-aksjonen. Vi veit at mange ikkje kan sykle til jobben av mange grunnar - men dette er så mykje meir: Her kan du loggføre alle dine kvardagsaktivitetar (yoga, sykling, gåturar, støvsuging, vedhogst m.m.) inntil 90 minutt for dagen. Aksjonen anbefaler 45 minutt.

Publisert av Ingeborg Opdøl Tysnes. Sist endra 31.03.2017 av Ingeborg Opdøl Tysnes

Dette handlar fyrst og fremst om fellesskapet og moroa ein har sammen - vi oppmodar difor at de prøver å danne ei gruppe på 5 personar som kan gjere dette i fellesskap - men ein kan også melde seg på individuelt. 

 
 
Login for redigering