Koronavirus covid-19

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Koronastatus for Fjaler

Spørsmål om Koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Varsel om utvida plangrense - endring av kommunedelplan for Dale

I medhald av plan- og bygningslova §§ 11-12 og 11-17 vert det varsla om utvida plangrense for endring av delar av kommunedelplan for Dale.

Klikk for stort bilete  

Det er tidlegare varsla om oppstart av planarbeid for endring av kommunedelplan for Dale i 2016. Varselet no gjeld utviding av plangrensa som blei varsla i 2016.

Bakgrunn

I eksisterande kommunedelplan for Dale er det avsett areal til ny gravplass ved Vollamyra. I kommunestyremøte 16.11.2015 vart det vedteke oppstart av planendring for delar av kommunedelplanen. Endringa gjeld gravplasslokalisering på Øyra i staden for Vollamyra.

Fjaler kommune har gjennomført eit forprosjekt for ny gravplass på Øyra i 2018. Kartlegging av flaumfare for Storelva blei gjennomført i 2018, og rapporten avdekka at store delar av Øyra vil stå under vatn ved ein 200-årsflaum. I samband med forprosjektet blei det derfor lagt til grunn ein flaumvoll, som skal sikre Øyra mot 200-årsflaum.

Føremål

Utvidinga baserar seg på følgjande punkt:

  • Tilrettelegging for regulering og opparbeiding av flaumvoll langs Storelva
  • Tilrettelegging for regulering og opparbeiding av parkeringsareal til ny gravplass

Tidlegare varsla plangrense er markert med svart stipla linje. Utvida plangrense er markert med raud stipla linje.

Plangrensa er sett romsleg, og vil bli snevra inn når føremålsgrensene i planen er bestemt.

Merknadar

Eventuelle merknadar til den utvida plangrensa kan sendast til Fjaler kommune, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord eller på e-post til post@fjaler.kommune.no innan 19.06.2020.

Kontakt

Ved spørsmål ta kontakt med Fjaler kommune v/Gaute Lundeland på tlf 57738045 eller e-post gaute.lundeland@fjaler.kommune.no.

 

Vedlegg:

- Flaumfarekartlegging 2018 (PDF, 12 MB)

- Forprosjekt gravplass Øyra 2018 (PDF, 3 MB)

- Hydrauliske berekningar ny gravplass Øyra (PDF, 10 MB)