Varsel om oppstart av planarbeid av detaljregulering for Kvamen, del av gbnr 58/1 og 58/2

Plangrense.jpg - Klikk for stort bilete I medhald av plan- og bygningslova (PBL) § 12-8 varslar Multiconsult Norge AS på vegne av tiltakshavar, Kvamen kai AS, oppstart av planarbeid med detaljregulering for Kvamen, del av gnr./bnr. 58/1 og 58/2 i Fjaler kommune. Grunneigar er Jostein Sylta og tiltaksområdet ligg ca. 3 km nordaust for Dale mellom Dalsfjorden og fv.57. Varsel om oppstart vert også annonsert i avisa Firda tysdag 16.01.2018.

 

Multiconsult Norge AS er plankonsulent og utarbeider planforslaget.

Planområdet er i dag omfatta av gjeldande reguleringsplan for Kvamen (PlanID 1429 2010 01). Tiltakshavar planlegg å etablere ny kai på Kvamen tilknytt felt K og M i gjeldande reguleringsplan, dimensjonert for utskiping av tømmer. Planframlegget for omregulering av Kvamen reguleringsplan inneber å omregulere småbåthamn (S) og delar av hyttefelt (H1) til næringsareal. Nytt areal til næringsverksemd blir ca. 9 daa og er planlagt planert til kainivå. Det vil i tillegg bli føreslått ei utviding av plangrense for å få på plass ei tilstrekkeleg og stabil fylling i sjø. Avkøyrsle og køyreveg inn i planområdet vil også justerast i samband med planendringa. Areal sett av til utbygging av fritidsbustadar og småbåthamn i gjeldande reguleringsplan vil utgå. Føreslått planområde er ca. 60 daa og endeleg planavgrensing vert sett i løpet av planprosessen.

Informasjon om planarbeidet finn ein også på Multiconsult sine nettsider www.multiconsult.no/aktuelt/kunngjoringer

Naboar og grunneigarar vert varslet direkte med brev. Merknader og spørsmål til planarbeidet og planprogrammet kan sendast skriftleg til:

Multiconsult AS v/ Vegard Eriksen, Nesttunbrekka 99, 5221 Nesttun eller E- post: vegard.eriksen@multiconsult.no.

Frist for merknader/uttale er sett til fredag 16. februar 2018.

Spørsmål knyttet til reguleringsplanarbeidet kan stilles til Multiconsult Norge AS v/ Vegard Eriksen, tlf.

55 62 33 33

Frist for merknadar og kommentarar: 16.02.2018

 

 

Kunngjeringsannonse (PDF, 498 kB)

Varslingsbrev (PDF, 2 MB)

Naboliste (PDF, 317 kB)

Liste over høyringsinstanser (PDF, 323 kB)

 

 

Publisert av Connie Hovland. Sist endra 15.01.2018 av Connie Hovland
 
 
Login for redigering