Vårdugnad, heile Fjaler ryddar!

dugnad - Klikk for stort bilete

Ein kan ikkje gjere alt, men alle kan gjere litt! No når snøen er vekke, våren kjem og alt kjem til synes, trengs mange hender for å rydde opp og gjere det fint rundt oss til 1. mai, til konfirmasjonane 6., 10. og 13. mai og ikkje minst til 17. mai!

Vårdugnad i Dale

30. april kl 16-19 med kvelds og grilling i Badevika til slutt

Butikkar, bedrifter, Fjalerhuset, ungdomshuset, Fjalerhallen, skulane, barnehagane, Tusenårssparken/ Jakob Sande-tunet, parken i Dale, Badevika, langs vegane - her er nok å passe på!

Om du ikkje kan vere med denne dagen, kan du bruke den tida du har ein dag det høver. Gå fleire i lag, det er kjekt! 

Ta kontakt med Fjaler kommune tlf. 988 65 054 (Ingeborg) for reidskap og sekkar for avfall ved rydding av fellesområde.

Dugnad i Vonheim, Flekke

2. mai kl 17-20. Ute og inne. Ta med kost, rive, bøtte, filler mm., det er mykje som må gjerast i og utanfor ungdomshuset. Høver ikkje tidspunktet, gje ein lyd til Flekke ungdomslag, så finns det sikkert andre oppgåver til andre tider!

"Heile Sogn og Fjordane ryddar" 3. mai

er ei oppmoding i regi av NRK og lokalavisene.

https://www.nrk.no/sognogfjordane/slik-skal-vi-gjere-fylket-reint-1.14021061

Den årlege nasjonale strandryddedagen 5. mai

Den nasjonale strandryddedagen er i år laurdag 5 mai.

Naturvernforbundet inviterer alle skular, barnehagar, lag og organisasjonar er invitert til å arrangere strandrydding og bli med i Kystlotteriet i veke 18. Ein kan sjølvsagt rydde andre veker også. Særleg ved kysten er det fint å rydde før fuglane startar hekkinga.

http://www.sum.sf.no/strandrydding

Sekkar og lodd kan og hentast i 1.etg på Fjalerhuset kvardager mellom kl 09:00 og 14:00.

Hagedugnad på Lillingstonheimen 5. og 12. mai.

Her kan du velje din dag og gjere ein innsats for hagen og uteområdet på Lillingstonheimen på Tysse. Ta med hagereidskap eller kom som du er ! Kl 12.00 - 16.00 med litt lunsj på svalegangen! Arrangør er Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane.

https://www.facebook.com/events/1700092200084328/

 

Hurra for 17. mai!

Og ikkje minst, den store folkedugnaden og nasjonaldagen 17. mai, der er mange frivillige dugnadsarbeidarar i sving i alle grendene i Fjaler! Musikkkorps, kakebakarar, rømmegrautkoking, programskaparar, rigg og rydd, pynt og leik!

Det er alltid ein dugnad du kan delta på!