Utskriving av eigedomsskatt 2019

Eigedomsskattelistene for 2019 ligg ute til offentleg ettersyn i 3 veker.

 


Utskriving av eigedomsskatt

Med visning til eigedomsskattelova §§14 og 15 er skattelistene lagt til offentleg ettersyn i 3 veker frå 1 mars. Listene finn ein på Fjalerhuset og på Fjaler kommune sin nettstad.

Lista syner alle eigedomar med matrikkelnummer, takst, skattesats og utrekna skatt for 2019

 

Klageadgang

Eigar kan klage på grunnlaget for eigedomsskatt kvart år dersom det ikkje har vore klaga på same grunnlag tidlegare år. Dette fylgjer av eigedomsskattelova §19. Frist for sende klage er sett til 15 april 2019

Eventuelle klager skal sendast til:

 

Fjaler kommune

postboks 20

6963 Dale i sunnfjord

eller

post@fjaler.kommune.no