Mattilsynet oppfordrar folk som ferdast langs sjø og vatn og våtmarksområde om å informere Mattilsynet ved funn av sjuke eller daude fuglar.
Slik melder du frå
Fuglar som er daude av ytre skader, er avmagra eller råtne, er i utgangspunktet ikkje aktuelle å undersøkje for fugleinfluensa.
Men finn du dette, bør du kontakte Mattilsynet:
-
Fleire (4-5) sjuke/ daude ”andefuglar” i eit avgrensa område i nærleik av vatn/sjø eller våtmark
-
Mange andre daude fuglar i eitt og same område
-
Daud rovfugl på typiske opphaldsstader for andefuglar
-
I Rogaland vil vi at folk skal melde frå om alle daude fuglar (treng ikkje vere 4-5) utan synlige ytre skader av artane andefuglar (ender, gjess og svaner), vadarar, åtselsfuglar (kråker og ravn) og rovfuglar.
Nord-Trøndelag, Rogaland, Østlandet og Oslofjord-området er mest sannsynleg landingsplass for desse trekkfuglane.
Andefuglar (ender, gjess og svaner), måkefuglar, vadarar, rovfuglar og åtselsfuglar (f.eks. kråker) er mest utsett for smitte.
Melding skal ein gje til Mattilsynet sitt distriktskontor på tlf. 22 40 00 00, som i kvart einskild tilfelle vil vurdere trongen for å sende inn fuglen/ fuglane til nærare undersøking. Av omsyn til generell smittefare skal alle unngå å komme i fysisk kontakt med sjuke og/eller daude fuglar.
Store konsekvensar for tamme fuglar
Typen av fugleinfluensa som herjar i Sentral-Europa er ikkje farleg for menneske. Fugleinfluensaen er døydeleg for både ville og tamme fuglar. Det er difor viktig å sikre at ville fuglar ikkje kjem i kontakt med tamme fuglar i Noreg.
I tillegg til overvåkninga har Mattilsynet iverksett ei rekkje tiltak for å hindre at fugleinfluensaen smittar tamme fuglar i Noreg. Mellom anna er det fastsett ei «Portforbudforskrift» som seier at tamme fuglar skal haldast innandørs eller ute under tett tak. Dette kravet gjeld for tamme fuglar som vil vere i følgjande område: Oslo, Akershus, Hedmark, Oppland, Vestfold, Østfold, Buskerud, Telemark, Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag
Dersom du har fjørfe og/eller andre fuglar i fangenskap (ikkje burfuglar innandørs) og bur i desse områda, må du også hugse å registrere fjørfehaldet ditt hos Mattilsynet.
Mattilsynet, region Sør og Vest
Telefon:22 40 00 00 / 22 77 82 47 / 926 21 686
Besøksadresse: Kyrkjevegen 332, 4325 Sandnes
Felles postadresse: Mattilsynet, region Sør og Vest, felles postmottak, postboks 383, 2381 Brumunddal
postmottak@mattilsynet.no