Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Vaksinering  |  Testing

Vaksinespørsmål: 57 73 80 00 (kvardagar 09.00–14.00)

 

Transport for mennneske med nedsett funksjonsevne

Her finn du samla informasjon om dei to transportordningane Serviceskyss og Tilrettelagt transport (TT-kort).
 

Serviceskyssen

Serviceskyss er eit transporttilbod i Sogn og Fjordane som er ope for alle, og skal vere tilrettelagd for alle. Ordninga var tidlegare kjent under namnet seniorskyss. 

Brukarane bestiller skyss seinast dagen før, innan eit fastsett tidspunkt. Brukarane vert henta heime og vert køyrde frå dør til dør.

Brukarane betalar pr dags dato ein eigenandel på kroner 30 kvar veg.


Meir informasjon og rutetider 


Tilrettelagt transport for menneske med nedsett funksjonsevne (TT-Kort)

Vestland fylkeskommune har ei transportordning som gjeld for alle over 10 år som på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetting ikkje kan nytte buss.

Ein kan då få tildelt ein kvote på 5 500 kroner i året (eller 6 600 kroner i året dersom du bur meir ein 20 km frå servicesenteret). Desse midlane kan nyttast til drosje. Blinde og rullestolbrukarar får vesentleg meir.
 

Slik søkjer du TT-kort

Dersom du meiner at du har rett på å få midlar frå denne ordninga så må du sende inn søknad til Vestland fylkeskommune og legeerklæring.

Meir informasjon