TiTur Dalsfjorden

Fjell.JPG - Klikk for stort bilete

I løpet av dagen, tysdag 4. juli, så er alle postkassane på plass på 10 toppar i Askvoll og Fjaler. Det er også mogeleg å registrere seg på appen SjekkUT eller på eige registreringsark som ein anten kan skrive ut frå heimesida til Indre Sunnfjord turlag www.isturlag.no eller hente på YX bensinstasjonane i Askvoll og Dale. For å bli med i trekkinga av gåvekort på 3 x 1000 kroner så må utfylt registreringskort leverast på YX i Askvoll eller Dale innan 10. oktober. Vi trekker også ut eit gåvekort blandt dei som har lagt ut bilete på instagram med #titurdalsfjorden17. Vi ynskjer alle ein fin tursommar!

Publisert av Ingeborg Opdøl Tysnes. Sist endra 06.07.2017 av Elin Ullebø Ulvik

 
 
Login for redigering