TiTur Dalsfjorden startar søndag 1. mai!

Bli med og bli kjent med 10 nye toppar og turmål i vakre Dalsfjorden. TiTur Dalsfjorden er eit samarbeid mellom Askvoll kommune, Fjaler kommune, Indre Sunnfjord turlag og turlaga i Askvoll og Fjaler.

Dette er ein super måte å bli kjent med nye turområder, og ein fin aktivitet som passar årstida vi går inn i. Å komme seg ut, få frisk luft og mosjon gjer godt for kropp og sjel. Turane er lette til middels krevjande og passer for mange. Å komme seg ut, få frisk luft og mosjon gjer godt for kropp og sjel. Turane er lette til middels krevjande og passer for mange.


Raude postkassar og UT-appen

Det er raude postkassar med bøker i på toppane. Vi oppmodar likevel om at du nyttar appen til www.ut.no for å registrere deg på toppen. TiTur Dalsfjorden 2022 varer fram til 2. oktober 2022.
 

Premiar:

Alle som fullfører får ein premie ved innlevering av turkort, og du blir med i trekninga av tre gåvekort med ein verdi på 1000 kroner. I tillegg trekk vi eit gåvekort blant bilete på Instagram som er merka med emneknaggen #titurdalsfjorden22. Turkortet må leverast på YX bensinstasjon i dale eller Askvoll innan 10. oktober. Premiane vert utlevert fortløpande mot innlevert, fullstendig utfylt turkort.
 

Turkort

Turkort kan du hente på YX stasjonane i Dale og Askvoll. Alle må ha kvar sitt turkort, og det kan berre leverast inn eitt kort per person. Du kan og laste ned turkortet her. (PDF, 2 MB)
 

Dei ti turane for 2022 er: 

Fjaler: 
Hovden på Hellevik
Kalhagåsen
Longevatna
Røbua
Styggeheia

Askvoll: 
Industriminneløypa Stongfjorden
Hovden på Atløy
Blåfjellet i Askvoll
Bakkefjellet
Hundeheia
 

Vi tilrår at de ventar med Styggeheia og Longevatna i Fjaler til det har smelta litt meir snø i fjella!
 

God tur og vis omsyn ved parkering!