Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015
Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar klokka 10.00–12.00.

 

TiTur Dalsfjorden opnar 1. mai!

Klikk for stort bileteAskvoll og FjalerMellom 1. mai og 1. oktober kan du registrere turar i TiTur Dalsfjorden 2021. Det er berre å gå i gong! 

Indre Sunnfjord Turlag inviterer til TiTur Dalsfjorden

TiTur Dalsfjorden er eit samarbeid mellom Askvoll kommune, Fjaler kommune, Indre Sunnfjord turlag og turlaga i Askvoll og Fjaler.

Frå og med 1. mai til og med  1. oktober har du høve til å bli kjend med mange av dei flotte turområda i nærområdet vårt.

Premiering: Alle som fullfører får ei t-skjorte, og du er med i trekninga av 3 gåvekort til ein verdi av 1000 kroner. I tillegg trekker vi eit gåvekort blant instagrambilete som er lagde ut med emneknaggen #titurdalsfjorden21 (hugs open profil)

Dnt SjekkUT

Vi oppmodar om å nytte mobilappen til Dnt SjekkUT for å registrere deg på sjølve toppen, men det vil også vera mogeleg å skrive seg i bøker som ligg i raude postkasser.  Det er viktig at ein følger smittevernreglar og ikkje oppheld seg i store grupper.

For å vera med i trekkinga må du ha vore på alle toppane. Deltakarar under 7 år må ha gått på 5 toppar. Deltakarar opp til 13 år og over 67 kan heller ta to turar ekstra til eit par av dei lettare turmåla enn å gå dei høgste og lengste turane.

Vil du ha meir informasjon eller fleire turkort? Gå inn på nettsida til kommunane.

Turkortet ( sjå lenke)  må leverast på YX bensinstasjonen i Askvoll eller Dale innan 10. oktober 2021. Premiane vert utleverte fortløpande mot innlevert fullstendig utfylt turkort. Alle må ha kvar sitt turkort, og det kan berre leverast inn eitt kort per person. Spørsmål kan stillast John Lien på tlf. 918 61 083.