Koronavirus covid-19

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Koronastatus for Fjaler

Spørsmål om Koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

TiTur Dalsfjorden 2020

Klikk for stort bilete Irene Øen   

TiTur Dalsfjorden er eit samarbeid mellom Askvoll kommune, Fjaler kommune, Indre Sunnfjord turlag og turlaga i Askvoll og Fjaler Fom 10. mai tom 1. oktober har du høve til å bli kjend med mange av dei flotte turområda i nærområdet vårt.

10. mai opnar vi for å registrere turar i DNT Sjekk UT – appen. Vi har som tidlegare pukka ut 10 turmål i Askvoll og Fjaler.

 

Dette er turane i år:

Fjaler:
Bygdeheia
Sylvsteinsheia
Storåsen
Svenova
Jøtelshaugen

Askvoll:
Brendeheiknappen
Rivedalsstølen
Nykshytta
Eggene/Siktanuten
Skylefjellet

Endring av turmål

Grunna stor pågang og for få parkeringsplassar har vi sett oss nødt til å endre ein av turane i TiTur Dalsfjorden 2020 frå 19. mai. Eikenesstølen i Askvoll vert bytta ut med Rivedalsstølen. Dei som alt har gått på Eikenesstølen får denne sjølvsagt godkjent.
 

Deltaking og premiering

Premiering: Alle som fullfører får ei t-skjorte, og du er med i trekninga av 3 gåvekort med ein verdi av 1000 kroner. I tillegg trekker vi eit gåvekort blant instagrambilete som er lagde ut med emneknaggen #titurdalsfjorden20 (hugs open profil).

Det vil i år, grunna korona, ikkje vere raude postkassar med bøker på toppane. Vi oppmodar om å nytte mobilappen til Dnt SjekkUT for å registrere deg på sjølve toppen. Det er viktig at ein følgjer gjeldane smittevernreglar og ikkje oppheld seg i store grupper. 

For å vera med i trekkinga må du ha vore på alle toppane. Deltakarar under 7 år: Må ha gått på 5 toppar. Deltakarar opp til 13 år og over 67 kan heller ta to turar ekstra til eit par av dei lettare turmåla enn å gå dei høgste og lengste turane.

Du finn turkort på Yx bensinstasjonane I Askvoll og Dale – men dei kan også skrivast ut frå vedlegg her. (PDF, 730 kB)

Turkortet må leverast på Yx bensinstasjon i Askvoll eller Dale innan 10. oktober 2020.

Premiane vert utleverte fortløpande mot innlevert, fullstendig utfylt turkort. Alle må ha kvar sitt turkort, og det kan berre leverast inn eitt kort person.
 

Turkort

Spørsmål kan stillast John Lien på tlf. 918 61 083.