TiTur Dalsfjorden 2019

Klikk for stort bilete

Indre Sunnfjord Turlag inviterer til TiTur Dalsfjorden. Prosjektet er eit samarbeid mellom Barnas Turlag i Askvoll og Fjaler, samt turgruppene i dei to kommunane.

TiTur Dalsfjorden vart gjennomført første gong i 2017 og vi vurderte det som ein suksess som vi har lyst å fortsette med.

Frå 10.mai til 1. oktober har du høve til å verte kjend med mange av dei flotte fjella i nærområdet vårt.

Fellestur til øvre Fossedalen

For å markere oppstart av TiTur Dalsfjorden 2019 og verdas aktivitetsdag, arrangerer Askvoll kommune, Fjaler kommune og Indre Sunnfjord Turlag fellestur til ØvreFossedal på fredag 10.mai - kl.17:00. Turen går frå parkeringsplassen på Ottersteinen (på Askvollsida av Dalsfjordbrua). Det er avgrensa med parkeringsplassar så vi oppmodar til samkøyring.

 

Turkort, innsjekking og premiering

Alle som fullfører får ein premie, og du er med i trekninga av 3 gåvekort med ein verdi av 1000 kroner.

Nytt av året er at vi gjev 2 hengekøyer sponsa av Askvoll og Fjaler kommune og 1 hengekøye sponsa av Dale Sport. Desse vert trekt blant dei som har registrert seg på mobilappen DNT SjekkUT, og har gått minst ein tur innan 10.juni. Du kan laste ned appen her:

Innsjekkinga skjer ved at du skriv deg inn i TiTur-bøkene som ligg ute, men du kan og nytte mobilappen DNT SjekkUT, der du kan registrere deg med eller utan selfie.

I tillegg trekker vi eit gåvekort blant instagrambilete som er lagde ut med emneknaggen #titurdalsfjorden19 (hugs open profil).

For å vere med i trekkinga må du ha vore på alle toppane. Deltakarar under 7 år må ha gått på 5 toppar. Deltakarar opp til 13 år og over 67 kan heller ta turar ekstra til eit par av dei lettare turmåla enn å gå dei høgste og lengste turane.

Turkort må leverast på YX bensinstasjon i Askvoll eller Dale innan 10.oktober 2019. Premiane vert uleverte fortløpande mot innlevert, fullstendig utfylt turkort. Alle må ha kvart sitt turkort, og det kan berre leverast inn eitt kort per person. Du kan laste ned turkortet her.

For meir informasjon eller fleire turkort, gå inn på nettsida til Indresunnfjord Turlag - https://indresunnfjord.dnt.no/turer-og-aktiviteter/

Spørsmål kan stillast John Lien på tlf. 918 61 083