Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Vaksinering  |  Testing

Vaksinespørsmål: 57 73 80 00 (kvardagar 09.00–14.00)

 

Tilskot til inkludering av barn og unge - utlysing for 2022

 

I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2022 er det sett av midlar til ordninga "Tilskudd til inkludering av barn og unge". Bufdir forvaltar ordninga med søknadsfrist 17.desember 2021.

 

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til mestring og deltaking. Ordninga skal bidra til å utvikle opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge i alderen 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap. 

 

Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søke. 

 

Sjå heimesida til Bufdir for fullstendig informasjon. Ved eventuelle spørsmål kontakt Bufdir eller kommunen sin kontaktperson, Ingeborg Opdøl Tysnes:
tlf 57 73 80 44/iot@fjaler.kommune.no.