Tilskot til drenering

Grøfting - Klikk for stort bilete Fjaler kommune har fått tildelt kr. 290.000  i tilskot til drenering av jordbruksareal i 2018. og er den kommunen som har fått tredje størst løyving i fylket, berre Askvoll og Luster har fått meir.

Midlane i fylket er fordelt med utgangspunkt i forbruket av dreneringsmidlar i kvar kommune i 2017. Fjoråret var svært vått, og det vart planlagt om lag 5.000 m grøftelengde og 60 daa profilert/omgravd/systematisk grøfta areal i Fjaler.

Det er framleis store areal som treng drenering grunna auka nedbørsmengder, krevjande jord og tunge maskiner.  Dersom du skal grøfte, profilere eller omgrave jord, så kan du få innvilga tilskot. Søknaden skal sendast før du begynner på arbeidet.

Tilskotet er avgrensa til kr. 2000,- pr dekar ved systematisk grøfting, profilering og omgraving. Ved anna grøfting er tilskotet  kr. 30 pr meter grøft avgrensa til kr. 2000 pr. dekar.

Søknader sendast Landbruksforvaltninga i Askvoll og Fjaler, og dei vert handsama fortløpande.


Siste søknadsfrist er 1. oktober . Ved søknaden må det leggast ved kart der grøftene er teikna inn, skjema for miljøvurdering av drenering og plan for drenering.


Søknadsskjema og regelverk finn du her:Landbruksdirektoratet

Publisert av Velaug Helle Eikemo. Sist endra 24.01.2018