Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus?
Vaksinespørsmål: 57 73 80 00 (kvardagar 09.00–14.00)
Nasjonal informasjonstelefon: 815 55 015 

 

Testing av Koronavirus

 

Dei som mistenkjer at dei er smitta eller har forkjølelsesliknande symptom kan bli testa utan først å bli vurdert av lege. Testing er gratis.

 

Slik bestiller du koronatest:

  • Kontakt Fjaler legekontor på telefon 57738180, måndag – fredag helst før klokka 10.00
  • Det er oppretta «Drive-thru» testing kvar yrkesdag mellom klokka 11.00 og 12.00. Testinga vert gjort medan du sit i bilen.
  • På helg er det legevakta på telefon 116 117 som vurderer om ein skal testast med det same, eller om ein kan vente til første yrkesdag og bli testa lokalt.

Symptom

Symptom på sjukdomen er som ved andre luftvegsinfeksjonar, som hoste, feber, sår hals, brystsmerter og pustevansker.
 

Helsetenesta anbefaler covid-19 testing for:

  • Alle med nyoppstått luftveisinfeksjon eller andre symptom på covid-19.
  • Alle som kan ha blitt smitta med covid-19, enten som nærkontakt eller etter reise i land med høg førekomst dei siste 10 dagane.

Les meir om testing på folkehelseinstituttet sine nettsider