Teaterfestivalen 2018

12.-16. september - Klikk for stort bilete No er det ikkje lenge igjen til Dale vert fyllt opp med teaterfolk og publikum i hundretal! Den sjette festivalen går av stabelen 12. - 16. september. Tema i år er inspirert av kommunevisjonen Fjaler - eit ope samfunn. Det er noko å strekkje seg etter og reflekterer eit ynskje om å vere inkluderande som verdset ulikskap og gjev rom for alle.

 

Openheit som våpen mot utanforskap

Fleire av framsyningane har i år eit svært personleg utgongspunkt , med forteljingar som berører og utfordrar oss. Dette kan gje innsikt som både hever takhøgda og trekk oss nærare kvarandre.

Du kan velje mellom ei rekkje forestillingar som vert spelt på fleire scener. Her er noko:

Vere den du akkurat er

Teaterfestivalen held fram med det gode samarbeidet med Den kulturelle skulesekken og inviterer alle barneskulelevar i Hyllesta\d, Askvoll og Fjaler til Teaterdagar for born med tre flotte forestillingar .

Annleis

Riksteateret kjem med Tung Tids Tale etter Olaug Nilsen sin roman , 72% normal tek føre seg å vekse opp med ein funksjonshemma bror, Morten Joakim fortel med varme og humor korleis det var å vekse opp med narkomane foreldre i stykket 4 begravelser og 1 bryllup og Marte Wexelsen Goksøyr som er skodepelar og samfunnsdebattant med Downs syndrom, vil på familiedagen laurdag halde appell, syne film og bidra kunstnarleg.

Planlegg festivalløypa

Skaff deg eit program og oversikten eller gå inn på nettsida www.teaterfestivalenifjaler.no med ope sinn og skaff deg oversikten og kjøp billett på ticketco.no på førehand!  Her er verkeleg mykje å velje i.

Festivalkontoret

og kafèen i gamle kommunehuset / Studio Nova opnar den 12. september kl 16.00. Om du kjøper deg festivalpass, må det bytast inn i festivalband her. Ser du meir enn 2 framsyningar, løner det seg med pass!

God festival!