Sykle til jobben 2019

Klikk for stort bilete

Å sykle til jobben bidreg til betre folkehelse!

24. april vert aksjonen Sykle til jobben trilla i gang for 46. året på rad. Trass aksjonen sin vaksne alder er aksjonen meir aktuell enn nokon gong. Aksjonsperioden er frå 24. april og varer til og med 21. juni i 2019.

- Å starte dagen med å gå, jogge, skate eller sykle til jobben har både ein førebyggande og helsefremjande effekt. Samtidig bidreg du til et reelt miljøløft og enklare trafikkavvikling i bygdebiletet.

Samferdselsministeren Jon Georg Dale  og Klima- og miljøministeren Ola Elvestuen markerer opninga av aksjonen 24. april kl. 08.00 på Slottsparken i Oslo.

 

Sykle til jobben er Norges største og eldste aktivitetskampanje

I fjor deltok heile 42 000 deltakarar på landsbasis og i år vert det endå fleire. Deltakarane kan registrere absolutt all aktivitet og ein kan vinne premiar til både til seg sjølv og laget. Det er fokus på bærekraftige kortreiste premiar og opplevingar for laget. Kampanjen er for alle uansett alder, form og treningspreferanse. Fjaler er ein av 104 kommunar som dekker deltakinga for sine innbyggarar.

For mange i vår kommune så er det ikkje godt nok tilrettelagte sykkelvegar og mange har for lang distanse til jobb. Då er det viktig å understreka av aksjonen handlar om all aktivitet gjennom dagen. Synst du det er kjekkare å ta deg ein fjelltur etter jobb eller likar betre å gjere hagearbeid så kan du registrere dette. Det er tredje året Fjaler er med i aksjonen og vi har som mål å få 120 deltakarar med på aksjonen. Vi jobbar også med lokale premiar som vi skal dele ut undervegs i aksjonsperioden.
 

Meld deg på eller les meir på www.sykletiljobben.no

 

Folkehelsekoordinator Jon Werede Hope og kulturleiar Ingeborg Tysnes er lokale ambassadørar.