Strandrydding i mai

 søppel - Klikk for stort bilete
Den nasjonale strandryddedagen er i år laurdag 5 mai.

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane oppmodar alle skular, barnehagar, lag og organisasjonar til å arrangere strandrydding og bli med i Kystlotteriet i veke 18.

De kan sjølvsagt rydde andre veker også. Særleg ved kysten er det fint å rydde før fuglane startar hekkinga.

Naturvernforbundet deler ut både lokale, regionale og nasjonale premiar, opplevingar til alle (både lag og enkeltpersonar) og pengepremiar til grupper, til dømes klassar som samlar pengar til klassetur.

Ta kontakt med Sunnfjord Miljøverk (SUM), som veit kor hen de kan hente sekkar og lodd, og kor de kan levere avfallet etterpå. Her står det korleis de gjer det:

http://www.sum.sf.no/strandrydding

Sekkar og lodd kan og hentast i 1.et. på Fjalerhuset mellom klokka 09:00 og 14:00.